Graut er namnet som vert brukt om enkle retter som av utsjånad er ei homogen, tjuktflytande masse, og som vanlegvis er laga ved å koka gryn (eller andre kornprodukt) i væske. Graut er vanleg kost i mange norske heimar, både som frukost og som middagsmat, gjerne spesielt laurdagsmiddag.
Graut er ei god (og som oftast rimeleg) kjelde til karbohydrat, samstundes som han er skånsam mot magen og ikkje treng tyggast. Difor blir graut ofte brukt som sjukediett.
Graut kan kokast i gryte, i steikeomn eller i mikrobølgeomn.
Graut og flatbrød var dei to rettane som var historisk kvardagsmat i Noreg. Til kvardags vart grauten i dei fleste heimar koka på vatn (vass-graut).