Grøn er fargen på gras. Det er altså ein farge og er soleis ein del av fargespektret. Den grøne delen av spektret reknar ein om lag frå 490 til 570 nanometer. Grøn er ein sers vanleg farge i naturen av di klorofyllet i plantane er grønt. Namnet til fargen sjølv har samband med naturen. Ordet grøn kjem endeleg frå den urgermanske rota *grô- "veksa" som me også har fått orda gro og gras frå.
Grøn er ein av dei tre additive primærfargane (Raud, grøn og blå. Det er desse som m.a. dannar fargepunkta i TV-skjermane), komplementet til magenta.
I estetikken reknar ein grønt til dei kalde fargane.
Medan norsk skil mellom fargane grøn og blå, er det mange språk som ikkje gjer det. Vietnamesisk bruker til dømes ordet xanh om både blå og grøn. Dersom dei vil skildra fargen nøyare, kan dei seia "xanh som himmelen" eller "xanh som blada".
Også i språk som skil mellom dei to fargane kan det vera skilnader på kor ein set grensa. Er til dømes turkis blå eller grøn?
Anpost.jpg Flagg med minst 50 % grøn botnfarge inkluderer organisasjonsflagga for Den arabiske ligaen og Den islamske konferansen og nasjonalflagga for dei hovudsakleg muslimske landa Afghanistan, Algerie, Bangladesh, Mauritania, Pakistan, Saudi-Arabia og Turkmenistan. Det libyske flagget er heilt grønt.
I den kristne kyrkja er grøn ein av dei liturgiske fargane. Han blir brukt som normalfarge, for å symboliserar håp og vekst.
Farger | Sentrumsparti | Miljøvern | Islam | Irland
Grønn | Grön | Grøn | Groen (kleur) | Verd | Zelená | Grün | Green | Verde | Verdo | Orlegi | Vert | Verde | Hijau | Verde | ירוק | Viridis | Gréng | Žalia | Zöld | Зелена боја | Aħdar | Xoxoctic | Vert (Yvelines) | 緑 | Vèrt | يېشىل رەڭ | Gröön | Barwa zielona | Verde | Verde | Зелёный цвет | Virdi | Green | Zelená | Zelena (barva) | Зелена боја | Héjo | Vihreä | Xanh lá cây | Yeşil | 綠色