Genus, eller grammatisk kjønn, er ein leksikalsk kategori ved substantivet. Eit språk har genus når substantiva i språket kan delast inn i grupper etter korleis ord som står til dei blir bøygde, kvart substantiv må høyre til berre ein klasse, og det bør vere få substantiv som kan høyre til fleire enn ein klasse (Hockett 1958: 231). For nokre språk, særleg bantuspråk, blir genus ofte kalla substantivklassar.
Mange språk har berre ein klasse av substantiv, og alle substantiv blir handsama på same måte, grammatisk sett. Dei fleste indoeuropeiske språka har to eller tre substantivklasser, som har vorte kalla grammatiske genus, heller enn substantivklassar. Dei fleste bantuspråka har mellom ti og 20 genera, eller substantivklassar.
Tilordning av genus i naturlege språk er regelstyrt, dvs. for kvart genusspråk finst det eit sett av kriteria som bestemmer genus til dei aller fleste substantiva (det er som regel også eit sett av unntak). Vanlege kriteria er m.a.:
Det finst mange språk utan genussystem, så språk klarer seg godt utan dette fenomenet, og det er ein tendens til at språk kan få redusert eller miste genussystema sine i periodar med sterk ekstern påverknad (jf. t.d. dyirbal og engelsk.
Grammatisk sett er genus ein måte å identifisere substantivfrasar på. Der determinativ og adjektiv kongruerer med substantivet i genus, er det lettare å sjå kva ord som høyrer saman, og å sjå kor ei substantivfrase sluttar og ei anna tar til. I situasjonar der det kan vere vanskeleg å høyre kva samtalepartneren seier, kan genuskongruensen gjere det lettare å gjette kva ord som er meint.
Dei leksikalske grunnane er sannsynlegvis likevel viktigare. Grammatisk genus er ein måte å konseptualisere verda på, ein måte å klassifisere referentane orda viser til i ulike klassar.
Ojibwe og andre algonquinspråk har eit system med to genera, eit animat og eit inanimat. Alle ord for levande vesen og ord for heilage fenomen og ord knytt til jorda høyrer med til animat genus.
Abkhazisk har tre genera, ord for menneske av hankjønn, menneske av hokjønn, andre ord. Andre kaukasiske språk har fire genera, ord for menneske av hankjønn, for menneske av hokjønn, for andre levande vesen, og for andre ord.
Andre språk med reint semantiske system er dyirbal.
Dei aller fleste indoeuropeiske språka har eit tregenussystem med ein semantisk kjerne, maskulinum, femininum og nøytrum, som i prototypiske tilfelle viser til referentar som har biologisk hankjønn, hokjønn, og ingen av delane.
Grammatiskt genus | Grammatisk køn | Genus | Gènere (gramàtica) | Rod (gramatika) | Genus | Grammatical gender | Género gramatical | Genro | Genre grammatical | Xénero (gramática) | Rod (gramatika) | Genere (linguistica) | Genus verborum | Geslacht (taalkunde) | 性 (文法) | Rodzaj gramatyczny | Gênero gramatical | Род (грамматика) | Genus | 性