Liquid nitrogen dsc04496.jpg blir kjølt ned for å avgrensa fordampinga.]] Fordamping er ein faseovergang der atom eller molekyl ved overflata i eit stoff får nok energi til å gå frå ein lågare aggregattilstand til gass. Ofte vil dette seia å gå over i gassform frå væskeform, men ved sublimasjon kan eit stoff òg gå direkte frå fast stoff til gass.
For at eit stoff skal fordampa må det ha nok energi til å vinna over overflatespenninga. Fordamping skjer derfor raskare ved høgare temperaturar, der molekyla har meir energi, og i stoff med låg overflatespenning. Sidan bare få molekyl er nær overflaten og rører seg i rett retning for å sleppa fri er det avgrensa kor mange som kan fordampa. I tillegg vil dei raske molekyla som slepp unna føra til at resten av molekyla i gjennomsnitt har lågare rørsleenergi, slik at temperaturen i stoffet og dermed sjansen for fordamping vil gå ned.
Ein nytter fordamping i dagleglivet mellom anna når ein heng opp våte klede for å tørka dei.
Vypařování | Verdampfen | Evaporation | Evaporación | Aurumine | Évaporation | התאיידות | Garavimas | Verdamping | 蒸発 | Parowanie | Evaporação | Evaporation | Izparevanje | Haihtuminen | 蒸发
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Fordamping".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world