Finsk er eit austersjøfinsk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av ca. 6 million menneske i Finland, til ein viss grad også i nabolanda, og i utvandrarsamfunn i USA, Canada og Australia.
Hovudartikkel: Finsk fonologi
Finsk har åtte vokalar, tre fremre (y, ö, ä), tre bakre (u, o, a) og to nøytrale (i, e). Fonetisk sett er sjølvsagt dei nøytrale vokalane fremre, men desse vokalane opptrer i to ulike system av vokalharmoni, og i dette systemet er i, e nøytrale. Det eine systemet er stammeharmoni. I same stamme kan vi ha berre fremre vokalar, eller berre bakre vokalar, mens dei nøytrale vokalane kan opptre i lag med både fremre og bakre. Orda tuli "eld", syli "fang", takka "peis", rukkanen "arbeidshanske" er alle moglege finske ord, men *suly, *täkka, *rykkanen" ikkje er det. Det andre systemet er ordformharmoni. Finske suffiks opptrer i to variantar, enten med fremre eller med bakre vokalar. Viss stammen inneheld bakre vokalar, gjer suffikset det også, men viss han ikkje inneheld bakre vokalar, inneheld suffikset fremre vokalar. Til 3. person fleirtalssuffikset -vat/-vät har vi altså He tulevat, syövät ja menevät "Dei kjem, et og går", med a eller ä'' i suffikset alt etter vokalismen i stammen.
Alle dei finske vokalane kan vere lange eller korte, og til skilnad frå norsk kan dei vere lange også i trykklett (ikkje-initial) staving. Ei ordform som eloon (illativ av elo "liv") har kort e, kort l og lang o ("å"), men likevel trykk på første stavinga.
Finsk har hovudtrykk på første staving i samtlege ord. Bitrykk fell som oftast på tredje, femte, osb. staving, men i fisse tilfelle blir bitrykket flytta (sjå artikkelen om finsk fonologi).
Hovudartikkel: Finsk morfologi.
Finsk har ein rik bøyingsmorfologi.
Substantiv og adjektiv skil seg morfologisk sett lite frå kvarandre. Begge blir bøygd i 15 kasus og 2 tal.
Finsk har dei grammatiske kasusa nominativ, genitiv, akkusativ og partitiv. Nominativ er kasus for subjekt og subjektspredikativ (Pekka on opettaja, "Pekka er lærar". Genitiv er framfor alt kasus for possessor (Pekan auto "Pekkas bil"), for komplementet til postposisjonar (auton takia "på grunn av bilen"), og i visse tilfelle også for subjektet (Pekan täytyy lähteä "Pekka må dra"). Objektet står i akkusativ i dei tilfella der handlinga er avslutta (Pekka osti auton "Pekka kjøpte ein bil", Pekka söi leivän "Pekka åt opp brødet"). Viss handlinga ikkje er avslutta, eller viss ho er nekta, står objektet i partitiv: Pekka ei ostanut autoa "Pekka kjøpte ikkje ein bil, Pekka ajoi autoa "Pekka køyrde bil", Pekka söi leipää "Pekka åt brød (og det vart att brød etterpå)". Akkusativ endar på -n for substantiv og adjektiv, men på -t for pronomen (Pekka näki sinut "Pekka såg deg"). Viss setninga ikkje inneheld eit subjekt som kongruerer med verbet sitt, manglar akkusativen suffikset -n, og liknar på nominativ (men vekslar med partitiv i nekting): Karhu ammuttiin "Bjørnen vart skote", Hänet ammuttiin "Han/ho vart skote"; partitiv: Karhua / häntä ei ammuttu'' "Bjørnen / han / ho vart ikkje skote".
Resten av kasusa er adverbiale kasus. Av dei utgjer 6 kasus (illativ, inessiv, elativ, allativ, adessiv, ablativ ) eit avgrensa lokalkasussystem, jf. presentasjonen under uralske språk. Dei resterande kasusa er dei generelle adverbiale kasusa translativ -ksi, (Kirja on käännetty suomeksi, "Boka er omsett til finsk), essiv "-na" (Olen töissä opettajana "Eg arbeider som lærar") og abessiv -tta, Ole huoletta "Ver utan bekymringar!", og dei meir marginale komitativ -ine ("Porvoo vanhoine taloineen "Borgå med sine gamle hus") og instruktiv -n. Komitativ blir berre brukt i fleirtal, sjølv om det refererer til berre ein: Pääministeri vaimoineen "statsministeren med frue" (i lag blir det to av dei). Instruktiv er som regel brukt i fleirtal, t.d. Vuonna 2005 juhlitaan fysiikkaa monin tavoin, "I 2005 blir fysikk feira på mange måtar". I eintal brukast instruktiv berre i visse faste uttrykk: (Hän tuli jalan, "Han/ho kom til fots"). Også bruksområdet til abessiv blir smalare, produktiv er abessiv i 3. infinitiv, Pärjäät hyvin lukematta mitään "Du klarar deg godt utan å lese noko som helst", men "utan X" blir no helst uttrykt med preposisjonen ilman "utan", altså ilman polkupyörää "utan sykkel" heller enn ?polkupyörättä.
I tillegg til den same kasusbøyinga som substantiva har adjektiv gradbøying. Suffiksa for komparativ og superlativ er -mpi, -in, "fin - finare - finast" er hieno - hienompi - hienoin.
Finske verb blir bøygd i 3 personar, 2 tal, 4 modi og 2 tempi. I tillegg kjem eit system med 4 (5) infinitivar og 2 partisippar, som blir bøygd i kasus og tal.
Hovudartikkel: Finsk syntaks
Typologisk sett er finsk eit SVO-språk. Til skilnad frå norsk har det likevel relativt fri ordstilling, og alle 6 moglege kombinasjonar av S, V og O er i visse tilfelle moglege. Ei relativt vanleg rekkjefølgje er OVS, som blir brukt der vi på norsk ville ha brukt passiv: Sillan avasi kuningas (bru-Akk opna konge-Nom) "Brua vart opna av kongen", for ein situasjon der brua er kjend informasjon, og spørsmålet er kven som opna ho.
Ja/nei-spørsmål blir i finsk danna med hjelp av klitikonet -ko/-kö, som hektar seg på det første leddet i setninga: Oletko suomalainen? "Er-2sg-SPM finsk = Er du finsk?". Også andre ledd enn verbet kan flyttast fram: Jalkapalloko lienee syynä? (fotball-SPM er-Potensialis grunn-Essiv) "Er det fotball som kan vere grunnen?" Andre spørsmål blir danna som på norsk, med spørjepronomen eller spørjeadverb, som blir sett først i setninga: Milloin tulit (når kome-Pret-Sg2) "Når kom du?".
Til skilnad frå norsk har finsk ikkje bestemt eller ubestemt artikkel, bestemtheit blir uttrykt dels ved hjelp av kasus, og dels ved hjelp av ordstilling. "Det står eit glas på bordet" er pöydällä on lasi (bord-Adessiv er glas), mens Glaset står på bordet" er Lasi on pöydällä''. (sjå også artikkelen om Eksistensialsetningar).
Hovudartkkel: Finsk ordforråd
Det finske ordforrådet har ein kjerne av uralske ord. I perioden etter innføringa av jordbruket har finsk lånt inn svært mange ord frå dei baltiske og germanske nabospråka. Etter at finsk vart offisielt språk i 1863, fekk vi ein periode med ein relativt puristisk språkpolitikk. Mange ord vart laga for å erstatte nye svenske lån, som puhelin, johtaja for tidlegare telefuuni, tirehtööri. Etter krigen har denne politikken vore mindre dominerande, vi har ord som deodorantti, kosmonautti. Det finske språksamfunnet viser likevel i langt større grad enn nabospråka sine ein vilje til å utvike ein nasjonal terminologi, jf. nylagingar som levyke, tiedosto, hakemisto for "diskett", fil, directory".
Hovudartikkel: Finsk språkhistorie
Finsk har ei skriftleg historie som går attende til reformasjonen, då Mikael Agricola omsette Det nye testamentet til finsk. Då Finland gjekk over frå å vere ein del av Sverige til å bli eit storfyrstendømme i Russland i 1809, fekk svensk ein konkurrent i russisk som statsberande språk. Kombinert med romantikken sine ideal om folket sitt eige mål førte dette til eit oppsving for finsk skriftspråk. I den såkalla Finske dialektkrigen (1820-40) vart basen for skriftspråket endra, frå å vere vestleg basert til å bli eit kompromiss mellom dei aust- og vestfinske dialektane, mykje på same måten som norsk var eit resultat av Ivar Aasen sitt arbeid. Ei anna viktig hending var publiseringa av Kalevala, det finske nasjonaleposet, i 1836. Finsk vart offisielt jamstilt med svensk i 1863 (med ein overgangsperiode på 20 år for tenestemenn til å lære seg finsk).
Tidleg på 1900-talet var det ein hard språkstrid om Universitetet i Helsingfors, der begge partane ville ha eit einspråkleg universitet. Begge partane tapte, og begge grunnla eigne universitet i Åbo, Turun ylipoisto for dei finskspråglege og Åbo Akademi for dei svenskspråklege.
språk i Finland | uralske språk | austersjøfinske språk | finsk språk
Finsk språk | Finska | Finsk (sprog) | Finnisc sprǣc | لغة فنلندية | Fince | Finneg | Фински език | Finès | Финн чĕлхи | Finština | Finnische Sprache | Soome keel | Φινλανδική γλώσσα | Finnish language | Idioma finés | Finna lingvo | Finnois | Finsk | Fionlainnis | Lingua finesa | 핀란드어 | Finski jezik | Finlandana linguo | Bahasa Finlandia | Finnska | Lingua finlandese | פינית | ფინური ენა | Finnek | Lingua Finnica | Suomių kalba | Fins | Finn nyelv | Фински јазик | Bahasa Finland | Fins | フィンランド語 | فىنلاندىيە تىلى | Finnsche Spraak | Język fiński | Língua finlandesa | Limba finlandeză | Финский язык | Suomagiella | Finnish language | Finščina | Фински језик | Suomen kieli | 芬兰语
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Finsk språk".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world