VassalToTheKing-Skardsbok.jpgen til kongen av Noreg. Initial frå Skarðsbók-manuskriptet.]] Føydalisme eller feudalisme er eit arkaisk samfunnssystem med klasseskilje, der kongen eller keisaren som øvste herskar gav jord og makt til vasallar. Denne statsforma har røter langt attende i tid, og er mellom anna kjend frå tidlegare asiatiske samfunn. I Europa vert føydalismen særleg knytt til høgmellomalderen, frå kring 1000–1300, ofte under nemninga lensvesen. Det latinske ordet feudum tyder len.
Ein fekk ei desentralisering av forvaltinga, der vasallane fekk makt på kostnad av sentralmakta. Den økonomiske strukturen bygde på relativt økonomisk sjølvforsynte storgods, der bøndene arbeidde på godseigaren si jord og leverte frå seg store delar av utbytet i form av naturalia.
Føydalismen var med andre ord ei samfunnsform som var prega av band mellom ulike nivå av over- og underordna, og som var gjensidig avhengige av kvarandre.
Under føydalismen vart overskotet i liten grad reinvestert i ny verksemd. Betaling gjekk for det meste føre seg i form av naturalia som korn og mjølk, noko som hadde samanheng med at naturalhushaldet dominerte.
Byar var på denne tida etablert, og her gjekk det føre seg noko handel på marknader, der jordbruksprodukt vart seld. Marknaden hadde trass i dette ei avgrensa tyding i føydalsamfunnet, sidan det meste av produksjonen til bøndene gjekk til eige forbruk og fordi handelen vart gjort først og fremst med den som stod over i hierarkiet.
I byane hadde ein gjerne laug, som var ein typisk organisasjonsform for forretningsdrift i mellomalderen. Desse lauga samla dei som dreiv innanfor ei og same næring, og var sterkt spesialisert. Lauga hadde monopol innanfor sitt område og var difor sikra mot konkurranse. Meisteren avgjorde kven som skulle vera med og det var ikkje tillete å arbeida utanom lauget.
Mellomalderen | Styresett | Føydalisme
Føydalisme | Feodalism | Feudalisme
Feudalism | Feudalismus | Feudalismo | féodalité | Feodalisme | Feudalizm | Feudalismo
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Føydalisme".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world