Etnisitet eller etnisk er nemningar som blir bruka om det fenomenet at grupper av menneske identifiserer seg etter tenkte eller reelle skilnader i høve til andre folkegrupper. Desse skilnadene kan bli definerte ut frå kulturelle, språklege, historiske, religiøse eller såkalla rasemessige kriterium. Etter eitt av fleire nasjonsomgrep, definerer etnisitet, eller etnos, tilhøyrsla til ein nasjon.
Bruken av dette omgrepet blir i dag anlegvis rekna som betre enn den tidlegare bruken av omgrepet «rase» — eit omgrep som tok utgangspunkt i ei tru på ulike menneskerasar som biologisk klart definérbare. Grunnen til at ordet «rase» i denne tydinga ikkje er vitskapleg akseptert lenger er at haldbare definisjonar og klåre grenseoppgangar har vist seg å vere umulege å få til. Men samtidig er det somme tider lett å sjå forskjell på folk, så ulike folkeslag finst opplagt. Det gjeld ikkje berre hudfarge, men au høgd og ansiktstrekk, til dømes.
Andre folkegrupper er ikkje synleg ulike kvarandre, men ser kvarandre likevel som svært ulike, av språklege, religiøse, kulturelle og historiske grunnar. For å ha eit omgrep om slike folkegrupper og skilnadene mellom dei, kan ein bruke nemninga etnisk. Inndelinga i etniske grupper legg meir vekt på kultur og eiga oppfatting av tilhøyrsle, samstundes som dei gjerne er mykje mindre enn rasegruppene.
Mange stader blir likevel etniske grupper med mindre makt diskriminerte eller undertrykte. Dette gjeld mellom anna kurdarar, særleg i Tyrkia, og sigøynarar i Aust-Europa.
Etter kvart som konflikten har eskalert har dei to gruppene prøvd å visa at deira gruppe var den første til å bu på Sri Lanka og dermed dei rette innbyggjarane av øya. Det at folka hovudsakleg tilhøyrer to religionar, buddhismen og hinduismen, og snakker språk frå to ulike språkfamiliar, blir bruka som argumentasjon i konflikten.
Етническа група | Etnička grupa | Etnikum | Grwp ethnig | Etnicitet | Ethnie | Ethnic group | Etno | Etnia | Etninen ryhmä | Ethnie | אתניות | Etnikum | Etnia | 民族 | 민족 | Etnik | Etniciteit | Grupa etniczna | Etnia | Этнос | Ethnic group | Etnicitet | Budun | Етнос | 族群
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Etnisitet".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world