Bilateriar
Nesledyr
Ribbemanetar
Svampar
Trichoplax adhaerens
Dyr er organismar med minst eitt fritt rørleg livsstadium og som ikke produserer klorofyll eller cellevegg. Ein folkeleg definisjon vil vere at dyr er levande vesen som kan røra på seg og sansa. Dersom ein skulle tenka seg eit typisk dyr ville ein truleg sjå for seg eit pelskledd pattedyr som kjem seg rundt på alle fire. Læra om alle dyr blir kalla zoologi.
Mellom dei eincella organismane er skillet mellom dyr og plantar kunstig, dvs. at det delvis går tvers gjennom grupper som er nærskylde. Fleircella dyr er derimot ei naturleg gruppe, det vil seie at alle fleircella dyr kjem frå ei felles stamform, som dei ikkje deler med andre organismar.
Med bakgrunn i dette har ein gått bort frå å samanfatte ein- og fleircella dyr til «Animalia», slik ein gjorde i tidlegare system. I den grad det vitskapelege namnet «Animalia» framleis er i bruk, nyttar ein det i dag vanlegvis på ei gruppe som av krageflagellatar og fleircella dyr, som er søstergrupper. Andre eincella «dyr» er ikkje spesielt nærskylde med denne gruppa det heile tatt. Sopp står til dømes nærmere mennesket enn tøffel«dyret».
Dyr kan vere både større enn folk og mykje mindre enn folk, men ikkje så små at dei ikkje kan bli samanlikna med folk. Dersom nokon skulle tenkje på slike vesen, ville han ikkje tenkje på dei som mykje mindre enn eit nyfødt menneske. Likevel finst det smådyr som mus og rotter. Ein kan òg kalla nokre insekt dyr i visse uttrykk, som «dyr i håret», «veggdyr» eller «sengedyr»·
Dyr har ein kropp med delar som liknar på lemmene til eit menneske. Framme på kroppen har dei ein eigen del som er over dei andre delane av kroppen, som menneskehovudet, og som har delar som liknar på delane til menneskehovudet. Dei har fire lange delar som støttar opp resten av kroppen, som menneska sine føter. Dei har harde delar inni seg, omgitt av fast, men ikkje hardt stoff som vi kan ete. Dei har ein del kroppsdelar som ikkje liknar på kroppsdelane til menneska, som ein bøyeleg del som stikk ut eller heng ned frå midt på bakenden av kroppen. Kroppen deira er gjerne dekt av masse små mjuke ting, slik menneskehovudet er delvis dekt med hår.
Gould John Duckbilled Platypus 1845-1863.png er uvanlege dyr i og med at dei legg egg.]]
Dyr rører seg typisk frå ein stad til ein annan ved å flytte dei delane av kroppen som går ned til bakken. Unge vesen av denne typen veks som regel inni kroppen til ho-vesen av same type. Fullvaksne vesen har dei unge vesena med seg ei stund og gir dei mat og ser etter dei, til dei er store nok til å passe på seg sjølv. Dyr kan ofte lage lydar som høyrest ut som om dei vil seie kva dei føler, eller kva dei vil.
Sams for alle fleircella dyr er mellom anna at det finst såkalla desmosomar, det vil seie kontaktar mellom cellene som tettar mellomromma mellom dei; at cellene skil ut eit proteinlag (ekstracellulær matrise) ved basisen sin; og at minst eitt sett med Hox-gen er tilstade. Dei meir kjente eigenskapane (stor rørlegheit, nervesystem, epitelar, kroppshole, sirkulasjons- og andre organar) oppstod derimot seinare i evolusjonen av dyra.
Dyr som lever langt unna folk, og er redde folk, eller folk er redde for, kallar me gjerne ville dyr.
Animalia | Animal | Animal | Животни | Bagan | Tōng-bu̍t | Animal | Živočichové | Anifail | Dyr | Tiere | animal | Loomad | Ζώα | Animal | Animalo | Animal | Dier | Ainmhí | 동물 | Animalo | Hewan | Animal | Animali | בעלי חיים | Enyval | Ajal | Animalia | Dzīvnieki | Gyvūnų karalystė | Déiereräich | Животни | Haiwan | Yolkatl | Dieren (rijk) | Beest | 動物 | Dyr | Animal | Zwierzęta | Animalia | Животные | Armali | Animal | Živali | Животиња | Eläinkunta | Djur | สัตว์ | Тварини | 动物 | Hova