Duer (Columbidæ) er ein fuglefamile med 308 artar som tilhøyrer duefuglane. Dei er særmerkte ved at dei kurrer og gjev ungane sine «duemelk» frå kroen. Fuglane har kompakte kroppar med kort hals og korte, slanke nebb.
Den best kjende duetypen i Noreg og mange andre stader er klippedue eller bydue (Columba livia) som held til i byar. I Noreg finst òg skogdue (Columba oenas), ringdue (Columba palumbus), turteldue (Streptopellia turtur) og tyrkardue (Streptopelia decaocto).
Mange har gleda seg over å gje duer mat på torg i ulike byar. Men auken av byduebestanden har mange stader ført til motstand mot dyra, som bråkar, forsøplar og kan spreia sjukdom. Derfor er det fleire stader, som på Picadilly Circus i London innført forbod mot å mata duer.
Due | Duvor | Palomba | Colomen | Tauben | Dove | Paloma | Kolombedoj | Pigeon | Pomba | 비둘기 | Kolombo | Karveliniai | Galamb | Duiven en tortelduiven | 鳩 | Gołębiowate | Columbidae | Dove | 鸠鸽科
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Duefamilien".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world