article

Drivhuseffekten er absorpsjon av energi i ein atmosfære. Effekten gjer at temperaturen på ein planet er høgare enn han elles ville vore. Planeten Venus er kjend for å ha ein særskilt sterk drivhuseffekt.

Drivhuseffekten på jorda


Jordatmosfæren let kortbølga sollys trenga gjennom overflaten. Desse bølgene blir omdanna til langbølga varmeenergi som ikkje går ut igjen like lett, men blir fanga opp og reflekterte av drivhusgassar. Temperaturen på jordoverflata blir mykje høgare enn han ville vore i ein atmosfære utan drivhusgassar. Ein rekner gjerne med ein global gjennomsnittstemperatur på rundt -18 °C utan drivhusgassar, medan han i dag er rundt+15°C.

Livet på jorda er avhengig av den drivhuseffekten som jordatmosfæren fører med seg. Men i dag er det mykje som tyder på at dei store utsleppa av gassar som karbondioksid og metan frå det moderne samfunnet held på å auke drivhuseffekten i ein grad som kan føra til dramatiske klimaendringar. Kjemikaren Svante Arrhenius var truleg den første som kom fram til at utslepp av drivhusgassar burde leia til ein auka temperatur på jorda.

Drivhusgassar

Mange gassar medverkar til drivhuseffekten. Vassdamp (H2O), metan (CH4), KFKgassar, og karbondioksid (CO2) er mellom dei viktigaste.

Anna som kan påverka klimaet på liknande vis

Variasjon i jordaksehelling og bana rundt sola kan tenkast å påverka temperaturen på jorda. I tillegg kan skyer, solflekkaktivitet og kosmisk stråling ha innverknad.

Drivhuseffekt | Växthuseffekten | Drivhuseffekt | انحباس حراري | Un-sek hāu-èng | Efecte hivernacle | Skleníkový efekt | Treibhauseffekt | Greenhouse effect | Efecto invernadero | پدیده گلخانه‌ای | Effet de serre | Buaidh an taigh-ghloine | Efecto invernadoiro | 온실 효과 | Efek rumah kaca | Effecto conservatorio | Effetto serra | אפקט החממה | Broeikaseffect | 温室効果 | Efèch de sèrra | Efekt cieplarniany | Efeito estufa | Парниковый эффект | Greenhouse effect | Pojav tople grede | Kasvihuoneilmiö | ปรากฏการณ์เรือนกระจก | Hiệu ứng nhà kính | Парниковий ефект | 温室效应

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Drivhuseffekt".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld