Mardin old town.JPG i Tyrkia.]] LosAngeles04.jpg.]]
Ein by er ein stad med stor og tett folkesetnad, åstad for mykje handel og underhaldning, og gjerne administrasjonssenter for området rundt. Noko industri føregår i byar, medan jordbruk sjeldan har ein plass der. Byar skil seg frå mindre tettstader og landsbyar ved at han inneheld fleire folk, men grensa er uklår, og som regel vil ein statleg definisjon avgjera kva som er ein by.
Utsjånaden til ein by er prega av dei mange menneska som bur og arbeider der. Landskapet er dominert av store hus, medan det finst fleire vegar, parkar og plassar enn tomme område. Ofte er innsjøar og elver dei einaste uregulerte stadene i ein by.
Dorsten 1633-cupper-engraving by matthaeus-merian.jpg innanfor ein bymur, med dyrka mark rundt.]] Ein annan funksjon byar har hatt, er å verna innbyggjarane sine. Eldre byar blei til innanfor bymurar, gjerne med soldatar på vakt og portar som blei stengde om kvelden. Ofte måtte ein ha borgarbrev eller tena for ein borgar for å kunna bu i byen.
Situationsplan von Baltimore.jpg i Maryland var ein planlagd by.]] I gamle bydelar finn ein som regel smale gater og smug som er blitt til «av seg sjølv» ettersom byen vaks. Planlagde byar har derimot rette, breie gater, etter kvart tilpassa moderne biltrafikk. Ein har drive med byplanleggjing i Kina i fleire tusen år, men i Europa blei det ikkje vanleg før på 1700-talet. Ein by kan leggjast langs eit rutenett av vegar, eller rundt eit sentralt punkt med vegar eller kanalar i sirklar rundt.
På den andre sida gjer byane menneske anonyme og mindre interessert eller forståelsesfulle for kvarandre. Stadige gnissingar med andre kan leia til vald. Mange menneske fører òg til ureining av luft og nærområde gjennom trafikkstøv, søppel og kloakk.
Град | M%C4%9Bsto | Dinas | By | Großstadt | πόλη | City | Urbo | Ciudad | Kaupunki | ville | Grad | Kota | Urbo | Città | 都市 | 市 | Urbs | Stad | By | Miasto | Cidade | oraş | Город | city | stad | Lungsod | 市(繁) | 市