article

Giotto - Scrovegni - -11- - Marriage of the Virgin.jpg og Josef måla av Giotto di Bondone.]]

Vigselen er eit ritual som symboliserar opprettinga av ekteskapet i dei fleste kulturar, mellom anna kristen tradisjon. På folkemunne seier ein gjerne at ein giftar seg.

Ein vigsel er som regel ein seremoni styrt av ein representant for styresmaktene eller eit trussamfunn. Dei som skal inngå ekteskapet stadfester at dei vil dette, anten munnleg, ved å skriva under på ei kontrakt, eller ved ei særskild handling. Med på vigselen er ofte familie og vitne.

Etter det formelle er det vanleg å halda ei stor bryllaupsfeiring. Dagen for bryllaupet kan òg markerast i seinare år. Bryllaupsdagen er eit privat jubileum for dei som har gifta seg, og kan vera grunn til feiring ved runde årstal.

Løftet


Weddingring-JH.jpgar på fingrane til kvarandre.]]

I Noreg kan ein gifte seg borgarleg eller religiøst, men i dei fleste formar for ekteskap er det vanleg å love truskap til maken i "gode og vonde dagar" heilt til "døden skil oss frå kvarandre". Det her løftet er eit uttrykk for eit ynskje om å halde saman med den personen ein giftar seg med resten av livet, uansett kva som måtte hende, og difor vert det sagt at ekteskapet er det sterkaste bandet nokon menneske kan knyte til eit anna.

Sjå òg


Eksterne lenkjer


Ekteskap | Seremoniar

Bröllop | Bryllup

Hochzeit | Wedding | 結婚式 | Poroka | 結婚

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Vigsel".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld