article

[[Fil:Bronceringe.jpg|mini|300px|To par bronseringar
Frå Herslev Mose, Vejle og Horn Mose, Gjern, Danmark
Frå siste delen av bronsealderen: 600-500 f.kr.]] Solvogn.jpg frå Trundholm, Danmark.]] Bronsealderen er ei nemning på ein periode i menneskeslekta si historie som var mellom steinalderen (somme plassar koparalderen) og jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder.
(Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.)

Bronsealderen kom til forskjellige tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 f.v.t. Derfrå spreidde det seg til Hellas 3200 f.v.t., Austeuropa 2500 f.v.t., Vesteuropa 2200 f.v.t., Kina 2000 f.v.t., og Skandinavia 1800 f.v.t.

På grunn av dei fåtalige funna trur vi at bronsen i førstninga stort sett vart bruka berre til smykke og andre pyntegjenstandar, særleg sidan tinn på den tida var så vanskeleg tilgjengeleg. Ei anna årsak til fåtalige funn kan òg vera at desse kostbarheitene rett og slett vart passa spesielt godt på. I tillegg til at råmaterialane var kostbare så kravde sjølve bronsestøypinga mykje kunnskap. Derfor var det nok berre dei mektigaste familiane som eigde smykke og våpen av bronse.

Bronsealderen i Skandinavia


Bronsealderen i Skandinavia deler vi i to fasar:

  • Eldre bronsealder (1800-1100 f.v.t.)
  • Yngre bronsealder (1100-500 f.v.t.)

Omkring 2000 f.v.t. kom det i gang ein «internasjonal samhandel», mykje fordi dei på den tida fann ein del tinn i England, noko som gjorde det muleg å laga våpen og reiskapar i større mengder enn før. Frå omkring 1800 f.v.t. fanst det ein sjølvstendig skandinavisk bronsealderkultur, med Danmark som eit sentralt bindeledd. Kopar og tinn vart for det meste «kjøpt» med rav og skinn. Skinna bytte handelsmennene til seg mot bl.a. flint i Noreg. Så fór dei med båtane sine fullasta av bytevarer lengre sør (gjerne opp Elben i dagens Tyskland), der skinna og ravet vart bytt mot kopar. På heimvegen vart noko av koparen og resten av skinna bytt mot tinn i England.

Det at dette nye og framande materialet kom til Skandinavia skuldast altså sannsynlegvis at det pågjekk ei form for organisert handel, og han må ha vore styrt av ein mektig overklasse, for det var ikkje billig å utruste dei lange båtturane som denne handelen kravde.

Kjelde


Bokmålswikipediaen *

Sjå òg


Arkeologi | Bronsealderen | Historie

Bronsealderen | Bronsåldern | Bronzealder | Bronstyd | عصر برونزي | Edá de Bronce | Yr Oes Efydd | Bronzezeit | Εποχή του Χαλκού | Bronze Age | Bronzepoko | Edad de Bronce | Âge du bronze | Idade de Bronce | תקופת הברונזה | Zaman Perunggu | Età del bronzo | 青銅器時代 | 청동기 시대 | Aenea aetas | Bronzas laikmets | Bronzetiet | Bronstijd | Epoka brązu | Idade do Bronze | Бронзовый век | Bronze Age | Бронзано доба | Бронзовий вік | 青铜时代

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Bronsealderen".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld