Bronkitt er ein obstruktiv lungesjukdom som er karakteristert ved betennelse i bronkiane i lungene. Bronkitt kan vera akutt eller kronisk. Kronisk bronkitt, som i dei fleste falla rammar bybuarar frå område med sterk partikkelluftureining eller tobakksrøykjarar, blir definert klinisk som kronisk hoste som er produktiv med sputum (oppspytt frå lungene) minst tre månader sammanhengande i minst to påfølgjande år. Kronisk bronkitt (s.d.) er ein av sjukdommane som er inkluderte i KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom).
I nokre fall kan lækjaren be om ein sputumkultur. Slim frå hosten åt pasienten vil da bli testa for spesifikke bakteriar som kan liggje under sjukdommen.
Diagnosen av akutt bronkitt kan støttast ved funn av heving av mellomgolvet på røntgenbilete.
Den aktuelle differensialdiagnosen er først og fremst lungebetennelse. Oftast, men langt i frå alltid, vil ein finne at pasientar med lungebetennelse har høgare og meir langvarig feber og dårlegare allmenntilstand.
Akutt bronkitt kjem ofte som følgje- eller ettersjukdom til forkjølelsar eller andre infeksjonar. Bronkitten kan vera viral (og dermed umogleg å behandle med antibiotika) eller bakteriell. Det sistnemnte er mindre vanleg, men i slike fall vil ein antibiotikakur oftast hjelpe. Akutt forverring av kronisk bronkitt kjem ofte av infeksjonar og er oftast bakteriell; anten i utgangspunktet eller som følgesjukdom.
Pasientar med KOLS som viser teikn på akutt bronkitt vil oftare bli behandla med antibiotika — både av di det er meir truleg at bronkitten er bakteriell og fordi risikoen for langtidsskadar ved ubehandla akutt bronkitt er høgare i denne gruppa. Ei særgruppe er pasientar med α₁-antitrypsinmangel og diagnostisert KOLS: Risikoen for skade på lungevevet er så høg i denne gruppa at ein som hovudregel gjev antibiotika ved alle lungeinfeksjonar som kan vera bakterielle.
Hosting er viktig for å hjelpe til med å få ut slimet som finst i dei betente bronkierøra. Slimløysande preparat kan gjera slimet meir tyntflytande så det blir lettare å hoste det opp.
Akutt bronkitt varar oftast om lag 10–11 dagar. Han kjem ofte saman med eller rett etter forkjølelse eller influensa, men ein kan òg få akutt bronkitt åleine. Akutt bronkitt er smittsam, og han byrjar gjerne med tørrhoste — gjerne om natta. Etter nokre få dagar går hosten over til å bli meir produktiv, og det er vanleg å få ein låg feber (gjerne kring 38 °C), utmatting og hovudverk. Feberen og utmattinga kan vare ned til nokre få dagar, men den produktive hosten kan vara nokre veker.
pulmonologi | luftvegssjukdommar
Bronkit | Bronkitis | Akute Bronchitis | Bronchitis | Bronchite | Berkjukvef | Bronchite | Bronchitis | 気管支炎 | Хронични бронхитис
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Bronkitt".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world