Roud bread.jpg Brød er ein type attåtmat laga av deig som er blitt steikt eller dampa. Det finst ei rekkje ulike brødslag frå heile verda. Dei kan etast varme som kalde, vera ferskvares som varer éin dag eller tola langvarig lagring.
Frø, nøtter eller krydder kan brukast for å setja smak på brødet. Feittstoff, egg og honning er andre ting ein kan ha i brøddeigen. Mange brød hever ved hjelp av eit stoff som utvikler gass i brødet, kan henda gjær, men det finst òg mange typar flatbrød som ikkje hever.
Der brød er hovudmat er brødbaking ofte blitt rekna som heilag arbeid, gjerne bare for kvinner. Andre stader tok profesjonelle bakarar over det viktige arbeidet med å laga brød. I moderne tid har me fått brødmakarmaskinar som kan baka eit brød over natta.
Brød kan vera store eller små. Dei små blir serverte som dei er medan store brød kan skjerast, brekkast eller rivast i mindre delar. Ferdigoppskorne brød blir skorne opp på særskilde maskinar før dei blir selde, og er populære i land der ein gjerne ristar brødet før ein et det. Ulempen med slike brød er at dei fort blir gamle.
Brød | Bröd | Brød | Хляб | Pa | Chléb | Bara | Brot | Leib | Ψωμί | Bread | Pan (alimento) | Pano | Pain | Arán | Pan (alimento) | 𐌷𐌻𐌰𐌹𐍆𐍃 | 빵 | Roti | Pane | לחם | Roti | Nan | Panis | Duona | nanba | Леб | Roti | Brood | パン | بولكا | Chleb | Pão | Хлеб | Pani | Bread | Kruh | Хлеб | Leipä | ขนมปัง | Ekmek | Хліб | Pwin | 麵包