article

Quercus ilex rotundifolia bark.jpgebork med lav på.]] Bork er det ytterste laget av ei grein eller ein stamme på eit tre eller ei busk.

Plantene sin bork består av fleire lag. Ytterst er det i dei fleste tilfelle ein død skorpebork, der det som regel er sprekkar på langs. Under det er borken sitt vekstlag, og under igjen er det som regel eit bastlag. Innerst er det et vekstlag (innerborken), som dannar årsvoksteren av sjølve veden.

Bruk


Som krydder

Borken av kaneltreet blir tørka og bruka som krydder — anten som kanelstenger eller oppmolen som strøkrydder.

Som mat

I naudsår kunne bork verta nytta i alle høve som tilsetting i maten. Borkebrød var brød der bork vart nytta i staden for eller tilsett mjøl. Alm var rekna å ha den beste borken til borkebrød. Bork og kvist kunne verta nytta som tilleggsfôr til dyra i vårknipa.

Som skriftmedium

Never, det ytre laget av bork på bjørketreet, har stundom blitt bruka til å skrive brev og andre dokument på.

Som vasstett membran

Bjørkenever blir tradisjonelt bruka som første lag oppå troa ved tekking av torvtak. Nevra verkar her som ein vasstett membran mellom det ofte vasstrukne jordlaget som graset veks på og taktroa, som er tilverka av tre og som ville rotne mykje fortare om ho vart utsett for vasstrekt jord.

Botanikk

Bark

Rinde | Bark | Écorce | Schors

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Bork".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld