Bok (frå norrønt bók) er ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna eigna materiale. Materialet er samanføyd langs ei side, ryggen, og som regel innbundi i eit meir robust materiale. Den som skriv ut ei bok blir kalla ein forfattar, den som gjev henne ut, ein utgjevar.
I overført tyding kan au bok vera eit litterært verk, eller delar av eit verk (til dømes Ringenes herre, fyrste bok, eller Fyrste Mosebok).
Ved midten av 1400-talet tok ein i brukt blokktrykking i Europa. Teknikken går ut på å skjæra ut eller gravera inn ei hel side på ei tre- eller metallblokk, og så trykka sida ut frå denne. Dette gjorde det noko lettare å laga fleire kopiar av kvar side; men fortsatt var boklaging ein arbeidskrevjande prosess.
Etter at Johann Gutenberg fann opp ein metode der ein kunne trykka med utskiftbare typar blei det lettare å masseprodusera bøker. Medan bøker tidlegare hadde tilhøyrt dei rike og mektige blei det no etter kvart mogleg for vanlege folk å eiga dei.
Bok | Bok | Bog | كتاب | Gafɛ | Кніга | Knjiga | Levr | Книга | Llibre | Кĕнеке | Kniha | Llyfr | Buch | Raamat | Book | Libro | Libro | Livre (document) | 책 | Knjiga | Libro | Buku | Libro | ספר | Liber | Knyga | Könyv | Boek (document) | 本 | Book | Książka | Livro | Carte | Книга | Book | Knjiga | Књига | Kirja | หนังสือ | Kitap | Книга | Live (po lére) | 图书