article

Trientalis europaea.jpg.]]

Blomar er plantedelar brukte av såkalla blomstrande plantar til forplanting. Dei har ofte fine, fargerike kronblad eller god lukt for å lokka til seg insekt som kan pollinera dei. Etter at ein blome er blitt pollinert kan han omdannast til ei frukt.

I daglegspråket kan blome visa bare til dei vakre, fargerike delane av ein plante, medan mindre imponerande, grønare blomar ikkje blir rekna med. Dersom ein plante bare har stengel og blad og ein fin blome på toppen, kan ein òg kalla heile planten ein blome. Har ein plante fleire små blomar tett saman, som i korgplantefamilien, blir ofte heile blomesamlinga rekna som éin blome.

Bruk


Jan Bruegel d. Ä. 007.jpg.]]

På grunn av utsjånaden og den gode lukta blir mange ulike blomar brukte til å pynta med, inne som ute, som gåver og til seremoniar. Dei har òg inspirert ei rekke kunstnarar, særleg innan biletkunst og litteratur.

Oppbygging


Ein typisk blome er sett saman av desse delane:

  • begerblad, calyx, som regel ufarga, det vil seia grøne
  • kronblad, corolla, som regel farga, det vil seia med andre fargar enn grønt
  • støvblad, androecium (frå græsk andros, 'mann') som inneheld støvtråden som ber støvknappen
  • fruktblad, gynoecium (frå græsk gyne, kvinne') med ein griffel som leier til frøanlegga. Spissen på griffelen heiter støvfangar.

Bakgrunnsstoff


botanikk

Blomst | Blomma | Blomst

Hoe | མེ་ཏོག་ | Flor | Květ | Blume | Flower | Flor | Floro | Fleur | Flor | | Floro | Bunga | Fiore | פרח | Flos | Žiedas | Xōchitl | Bloem (biologie) | | Kwiat | Flor | Цветок | Flower | Cvet | Kembang | ดอกไม้ | Квітка |

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Blome".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld