Blue-reflect.jpg | The Blue Marble.jpg, fotografert frå ferda Apollo 17 gjorde til månen i 1973]]
Blå er fargen på himmelen på ein skyfri dag. Det er altså ein farge og soleis ein del av fargespektret. Blått spenner over bølgjelengder frå om lag 440 til 490 nanometer. Blå er ein av fargane som dannar fargepunkta i TV-skjermane. I estetikken reknar ein blått til dei kalde fargane.
Blå er ein heller sjeldan farge i levande organismar, og få matvarer har blå farge. Derimot er dagshimmelen og mange former for vatn blå. Lyshuda menneske kan òg få litt blåfarge, til dømes om dei slår seg eller blir svært kalde. Blåfargen kjem fordi blodet under huda får mindre oksygen. Blåmerke blir til ved at blodkar blir sprengde og sig ut i vevet, der det ikkje får tilført hemoglobin. Når ein blir blåfrosen, er det blodårene som trekkjer seg saman og dermed hindrar tilføring av hemoglobin. På grunn av samband mellom fargen og blåmerke har nokre lingvistar foreslått at det urgermanske opphavsordet hans, blǣwo, hadde noko slekt med ordet bliuwan, "å slå", men dei fleste aksepterer ikkje denne teorien.
Mange indoeuropeiske språk, mellom anna norrønt, brukte namnet på fargen om alle mørke fargar, og skilde såleis ikkje mellom blått og svart. Det er på grunn av dette at visse hindugudar, som Krisjna, ofte blir framstilde som blå — dei skal nemleg ha vore særs mørke i huda.
Somme språk, mellom anna russisk, har ikkje noko felles ord for alle blåfargar, men ser på himmelblått (голубой) og havblått (синий) som to "grunnleggjande" og ulike fargar. (Dette skiljet finst i norsk òg, i regnbogefargane, men der kallar vi den eine for blått og den andre for indigo.)
Blå | Blå | Blå | Blou (kleur) | Plava | Blau | Modrá | Blau | Μπλε (χρώμα) | Blue | Azul | Blua | Urdin | Bleu | Azul | Biru | Blár | Blu | כחול | Mėlyna | Blo | Bulé | Kék | Ikħal | Biru | Texohtic | Blauw | Blau | 青 | كۆك رەڭ | Barwa niebieska | Azul | Albastru | Синий цвет | Blue | Modrá | Modra | Плава боја | Sininen | Xanh lam | Mavi | 藍色