1972alfaromeo1300gtfront.jpg 1300GT frå 1972.]] [[fil:Sikh pilgrims cheering on bus to Manikaran.jpg|mini| Lastebil fylt til trengsel av sikh-pilgrimar. (Foto: John Hill)]]
Ein bil er eit køyretøy med minst fire hjul som ber med seg sin eigen motor og vert brukt til å køyre på veg med, og ikkje skinner. Bilar er hovudsakleg laga av metall. Ordet bil kjem frå den eldre forma automobil, frå gresk auto og latin mobil som tyder sjølvgåande.
Det finst ulike bilar for ulike føremål, og utforminga varierer også innan kvar bruksgruppe. Kvar bil blir kjørt av ein sjåfør, og har nesten alltid også plass til ein eller fleire passasjerar. Personbilar er i dag dei bilane det finst flest av, men lastebilar og bussar er like viktige delar av det moderne samfunnet. Andre typar er racerbilen, som hovudsakleg er utvikla med høgast mogleg fart som mål.
Dei fleste bilane køyrer på bensin eller diesel, men etterkvart vert det vanlegare med bilar som vert drevene av elektrisitet og gass eller ein kombinasjon av desse drivstoffa.
I Noreg var dei tre største bilmerka i 2004 Toyota, Volkswagen og Peugeot.
Den moderne bilen byggjer på eksperiment med sjølvgåandet fargreier frå 1700-talet og utover. Franske Nicolas-Joseph Cugnot var tidlegast ute med å demonstrera ein slik farkost, driven av ein dampmaskin, i 1769. I landet hans var det lite interesse, men britane fatta interesse for nyvinninga og utvikla henne vidare. Ein gjorde det lettare å kontrollera farten og retningen til kjøretøya, mellom anna ved å leggja til handbremser. Lunar Society i Birmingham gjorde fleire nyvinningar innan feltet, og fann mellom anna på uttrykket hestekrefter.
Britane tok til å bruka slike kjøretøy for kollektivtransport, men blei stoppa av lovverket, som forlangde at framfor eit sjølvgåande kjøretøy på ein offentleg veg måtte det gå ein mann med eit raudt flagg og eit horn. Utviklinga flytta frå Storbritannia til Tyskland.
I 1886 blei bensinbilen til, då tre uavhengige oppfinnnarar skal ha laga kvar sin på om lag same tid: Carl Benz i Mannheim, Gottlieb Daimler og Wilhelm Maybach i Stuttgart , og Siegfried Marcus i Wien. Bensin, damp og til ein viss grad elektrisitet blei utvikla i konkurranse i fleire tiår, før bilar som gjekk på bensin eller diesel vann fram i 1910-åra.
Ei rask utvikling skjedde frå 1900 til midt på 20-talet, då fleire hundre små verksemder konkurrerte om å laga stadig betre bilar. Viktige oppfinningar var elektrisk tenning og sjølvstartar og firehjulsbremser. Ved byrjinga av 1930-åra hadde det meste av bilteknologien blitt oppfunne. Etter denne tida var bilindustrien ute av barndommen, talet på verksemder gjekk ned, og dei som var igjen vaks.
Det var òg Sloan som starta med ein årleg, etter kvart treårig, gjennomgang av modellane der både teknologien og utsjånaden gradvis blei omforma. Dei tre store bilfabrikantane i USA gjennomførte alle ein slik treårssyklus, men la etter kvart hovudvekt på utsjånaden slik at bilar heller gjekk av mote enn å bli erstatta av modellar som var betre teknisk. Europeiske verksemder hadde ikkje råd til slik stadig utskifting, men stod derimot betre rusta teknisk framfor oljekrisa på 1970-talet.
Bilulukker har gått hand i hand med utviklinga av bilen. Den første bilmakaren, Joseph Cugnot, hadde òg det første kræsjet, då han kjørte inn i ein vegg med «Fardier»-maskinen sin i 1770. Den første dødelege bilulukka skjedde den 17. august 1896 då Bridget Driscoll døydde i London.
I følgje Verdshelseorganisasjonen blir kvart år over ein million menneske drepne og rundt 50 millionar skada, mange av dei lamma, ved at dei kjører på noko eller sjølv blir påkjørt. I tillegg blir eit utal dyr såra eller drepne av bilar.
Problemet med bilar er at dei er tunge, kraftfulle kjøretøy som blir kontrollerte av feilande menneske. Bilføraren kan vera trøytt, rusa på alkohol eller narkotiske stoff, vørdlaus eller bare uheldig. Farten til bilen gjer at det er vanskeleg å vakta seg mot uventa dyr eller menneske i vegen eller dårlege køyringsforhald, som dårleg vêr eller hol i vegdekket.
Sjølve bilen må òg ofte gjennom ulike prøvar for å vera sikker på at han er forsvarleg å kjøra. Nye bilar går gjennom standardtestar, og etter kvart har ein òg byrja å ta inn eldre bilar til regelmessige kontrollar. Ein finn stadig nye forbetringar som gjer bilar tryggare, slik som luftputer som bles seg opp dersom bilen bråbremser.
Ein prøver òg å trygga vegane ved å halda dei i god stand, ved å setja opp autovern og varselsystem i vegkanten, og ved å skilja harde bilar og mjuke trafikantar på utsette stader.
Den første staden som regulerte eksosutslepp gjennom lovverket var California i 1965. Det amerikanske transportdepartement (DOT) og miljøvernorganet (EPA) følge opp med fleire reglar tre år etter. Ettersom USA var den største bilmarknaden i verda, og California den største i USA, fekk dei nye reglane følger for bilindustrien over heile verda, og andre land kom snart med eigne reglar. I tillegg til å setja grenser for utslepp blei òg tryggleiksutstyr, som bilbelte, påbode. I tiåret 1975-85 sleit mange bilfabrikantar med å møta dei nye krava, men etter kvart oppdaga dei at trygge og miljøvennlege bilar selde, og tok til å forbetra dei på eiga hand.
Bilar kan kjørast på mange typar drivstoff, noko som har vore brukt gjennom historien. Før bensin var blitt vidspreidd og tilgjengeleg på bensinstasjonar brukte ein òg andre typar brensle, som parafin og kolgass. Aukande prisar og avgifter på bensin og diesel har ført til at ein igjen har byrja å sjå etter alternativ.
I nokre land bruker ein etanol og metanol som tilleggsdrivstoff, til dømes i Australia og USA. Dagens bensinbilar kan køyra med 15% etanol blanda i bensinen, og med små ombyggjingar vil dei kunne køyra med opptil 85% alkohol i tanken. Dette drivstoffet er noko mindre effektivt enn rein bensin, slik at ein kan koma til å trenga opptil dobbelt så mykje drivstoff for same køyrelengd. I tillegg er det mogleg at blandinga slit ned pakningane fortare.
I 1990-åra utvikla fleire selskap bilar som går på elektriske batteri. Desse er i handel, men har fleire ulemper som gjer at det ikkje er blitt selt så mange av dei. Så langt har dei elektriske bilane avgrensa fart og rekkevidde, i tillegg til å vera dyrare enn bensinbilar. Dagens forsking fokuserer på hybrid-bilar som kombinerer elektrisk kraft med ein forbrenningsmotor.
Andre moglege drivstoff er hydrogen og metan i brenselsceller, solceller eller til og med samanpressa luft.
Bil | Bil | Bil | Автомобил | Automòbil | Automobil | Automobil | Automobile | Automóvil | Aŭtomobilo | خودرو | Automobile | Automóbil | 자동차 | Automobil | Mobil | Autovettura | מכונית | Autocinetum | Automobilis | Автомобил | Kereta | Auto | Chidí | Auto | 自動車 | Хæдтулгæ | Samochód | Automóvel | Automobil | Автомобиль | Car | Automobil | Avtomobil | Otomotif | Auto | รถยนต์ | Otomobil | Автомобіль | 汽车