Bahá'í-trua* er den yngste av dei monoteistiske verdsreligionane. Ho har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggjaren Bahá'u'lláh* (1817-1892) understrekar «einskapen åt menneskja, slår fast at dei store religionane er som kapitel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på andelege prinsipp».
Haifa-Bahai world center front.jpg i Israel.]]
Bakgrunn
I
Iran i år
1844 forkynte
Báb* (
1819-
1850) at han var forløparen til den lova i alle religionar. Bábs følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá'u'lláh vart raskt ein av Bábs leiande
forkynnarar, og i
1863 i
Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. Etter Bahá'u'lláhs forvisning og bortgang i
Det heilage landet i
1892 fortsette sonen hans
`Abdu'l-Bahá* (
1844-
1921) utbreiianga av trua. `Abdu'l-Bahás barnebarn
Shoghi Effendi (
1897-
1957) vart utpeikt til bahá'í-trua sin beskyttar. Under hans inspirerte leiing vaks trua globalt. I dag blir det internasjonale bahá'í-samfunnet leia av det demokratisk valde
Universelle Rettferdas Hus, med sete på
Karmelfjellet i byen
Haifa i det nordlege
Israel.
Sosiale prinsipp
Dei sentrale prinsippa er
Guds einskap, ei skapande kraft, Gud, som gjer seg kjent for
menneska via Guds budberarar (eller
profetar). Uavhengig leiting etter sanninga krevs og ein må fri seg frå fordommar og overtru. Bahá'u'lláh meiner at religion og
vitskap må vera i harmoni. Religion må danne grunnlaget for einskap og kjærleik. Like rettar for kvinner og menn trengst for denne tidsalderen. Eit internasjonalt
hjelpespråk bør utviklast og
grunnleggjande utdanning for alle er nødvendig for økt forståing og betre
kommunikasjon mellom landa. Det krevst òg ei rettvis fordeling av jordas
ressursar. Bahá'u'lláh peikar òg på at globale
føderale institusjonar for å sikre verdsfreden må opprettast. Ein felles
valuta med felles
mynteining blir føreslege — med mål om å forenkle
økonomiske
transaksjonar og foreine verdas nasjonar.
Bahá'íanes heilagaste bok og hovudverk er
Kitáb-i-Aqdas skriven av Bahá'u'lláh sjølv i
1873. Boka består av 190 vers og utdjupande kommentarar. Innhaldet spenner frå lover, formaningar, profeti, levereglar og arverett til organisering av eit framtidig verdssamfunn. Ho vart omsett til engelsk i
1992. Andre hovudbøker er
Kitáb-i-Iqan (
Vissheitas bok) og
Dei skjulte ord.
Ein ny kalender
Báb etablerte den nye tidsalderen med
ein ny kalender med året delt inn i 19 månader à 19 dagar. Kvar månad har eit av Guds namn. Året har 9 heilagdagar. I tillegg er det fire/fem
skotårsdagar. Nyår blir feira når sola går inn i stjernebildet Vêren. Dette skjer enten
20.,
21. eller
22. mars.
Ritual
Nokre få og enkle ritual finst:
- Eit kort ekteskapsvers blir lese
- Nokre få gravleggjingsregler finst
- Bahá'íar skal:
- lesa obligatoriske bønner kvar dag og vende seg mot Qiblih (tilbedingspunktet)
- lesa dei heilage skriftene morgon og kveld
- reise på valfart ein gong i livet så sant dette let seg gjera
- undervise i Bahá'u'lláhs tru
- støtte Bahá'í-saka praktisk og økonomisk
(*) Skrivemåte og tyding
- Bahá'u'lláh (بهاءالله på arabisk) betyr Guds Herlighet
- Báb (باب på arabisk) betyr Porten
- Bahá'í (Arab.) betyr den som følger lyset
- `Abdu'l-Bahá (Arab.) betyr Bahás tjener
Eksterne lenker
Vanleg Bahá'í
Ortodoks Bahá'í
Bahai | Iran | Abrahamittiske religionar | Religion og livssyn
Bahai | Bahai | Bahai | بهائية | Bahailik | Baha'i | Fe Bahà'í | Baha'i | Baha'i | Baha'i usk | Bahá'í Faith | Bahaísmo | Bahaa Kredo | Bahaismo | دین بهایی | Bahaïsme | 바하이 신앙 | Bahá'í | Bahaa Kredo | Baha'i | Fide Bahá'í | Fede Bahá'í | האמונה הבהאאית | Fay Bahá'í | Bahaizmas | Baha'i | Bahá'í | Bahai | Bahá'í | バハーイー教 | Bahaizm | Fé Bahá'í | Bahaism | Бахаизм | Bahá'í Faith | Bahá'í | Bahá'í | Bahá'í | பஹாய் சமயம் | บาไฮ | Bahailik | 巴哈伊信仰