Gottlieb-Jews Praying in the Synagogue on Yom Kippur.jpg samlar seg til bøn i synagogen under jom kippúr. Måla av Maurycy Gottlieb i 1878.]]
Bøn innan ein religion inneber kommunikasjon mellom ein truande og ei høgare makt, som ei ånd eller ein guddom. Ein ber ofte ved hjelp av ord, men bøna kan òg vera ordlaus og bestå av andre handlingar, som å meditera, ofra eller gå inn i visse stillingar.
Mange religionar har fastsette bønemåtar og bønetider. Innan islam og jødedommen er det til dømes vanleg å be til faste tider på dagen. I kristendommen er felles bøn gjerne ein fast del av ei gudsteneste. Bøner kan utførast åleine eller saman med andre.
Det kan vera mange grunnar til å be, ein kan mellom anna uttrykka eit ønske, ein takk eller ein klage, prisa guddommen eller ganske enkelt be fordi det blir forventa innan religionsutøvinga. Særleg innan polyteistiske religionar er bøn blitt sett på som ein form for magi der ein vil få det ein ber om dersom ein utfører dei på rette måten.
Ofte ber ein i eit særskild, heilag rom, som eit bønerom eller i eit gudshus, eller på ein heilag stad, som ei særkild elv (som Ganga) eller by (som Mekka).
Å venda seg i ein heilag retning kan òg vera viktig for bøna. Jødar vender seg mot Tempelet i Jerusalem når dei bed, muslimar vender seg mot kabaen i Mekka og bahaiar mot qiblihen i Akko, medan mange hinduar utfører bøner mot sola. Ein kan òg venda seg oppover, mot himmelen, når ein ber, eller nedover for å uttrykka audmjuke.
FalatJulian.ModlacySieStarzec.1881.ws.jpg foldar hendene rundt rosenkransen i bøn. Måla av Julian Fałat i 1881.]]
Ein kan utføra bøner heilt eller delvis i form av rørsler. Dette kan vera enkle rørsler, som å reisa seg eller knela for å be, eller samansette rørsler, som å gå inn i yogastillingar. For å meditera kan ein setja seg i ei stilling som er behageleg nok til at ein kan halda henne i lang tid, men ikkje så god at ein slapper heilt av. Andre vidspreidde rørsler er å samla eller folda hendene.
religion og livssyn | bøner | kommunikasjon
Bön | Bøn | صلاة | Modlitba | Gebet | Palve | Prayer | Preĝo | Prière | Preghiera | תפילה | Gebed | Imádság | Gebed | 祈り | Modlitwa | Oração | Molitev | Rukous | การอธิษฐาน | Duâ | 祷告