Avokadoen (Persea americana) høyrer til laurbærfamilien (Lauraceae). Opphavleg frå Sør-Mexico er det eit tre som kan veksa seg opp til 20 meter høgt. Allereie aztekarane kultiverte planta. I dag blir det dyrka over 400 sortar i tropiske område over heile verda, til dømes i Sør-Afrika, Israel og California.
Ordet «avokado» stammar frå nahuatl-ordet ahuacatl som også tyder ‘testikkel’. Spanjolane gjorde det om til avocado — eit uttrykk dei var vande med, sidan det var eit gammalt ord for ‘advokat’. Tidlegare blei avokadoen også kalla abacata (frå portugisisk).
Ordet «guacamole», som er eit meksikansk ord for ein dipp laga av avokado, kjem frå nahuatl-ordet ahuacamolli (‘avokadosuppe’, ‘avokadosaus’).
Frukta vart første gong nemnd i ei bok i 1519.
Persea americana flowers 2.JPG
Fruktene som ein får i butikk er ofte framleis harde, og modnar etter kvart. Når skalet gir etter for lett trykk, er avokadoen moden nok til matbruk.
Avokadofrukter modnar aldri fullstendig på treet, men dett i hard tilstand ned på bakken der dei modnar fort. Under dyrkinga blir dei harde fruktane plukka så fort som dei er store nok.
Medan skalet ikkje er etande, er fruktkjøtet rundt steinen veldig næringsrikt. Kjøtet er mjukt, kremaktig og ikkje søtt. Før ein et frukta vert den normalt delt i to. Steinen kan fjernast til dømes ved hjelp av ei skei, slik at ein kan ta ut det smøraktige fruktkjøtet. Kjøtet kan etast ublanda. Krydra med litt sitron- eller limesaft og salt, kan avokadomos brukast som pålegg på brødskiver eller som saus til dømes på maispannekakeer (tortilla). Sitron- eller limesaft hindrar oksidering og dermed at fruktkjøtet fargar seg brunt.
Avokado blir ofte brukt til vegetarisk sushi. I det brasilianske kjøkkenet vert avokado brukt i milkshake (såkalla: "vitamina de abacate") og iskrem. Det vegetare kjøkkenet sett pris på avokodoen som erstatning for kjøt eller ost.
Ei kjend oppskrift er den meksikanske guacomolen, som er ein dipp laga av most avokado, tomatar, chili og fersk koriander.
| Energi: | 221 kcal |
| Fiber: | 6,3 g |
| Karbohydrat: | 0,4 g |
| Fett: | 23,5 g |
| Protein: | 1,9 g |
| Vatn: | 66 % |
Avokadoen er rik på kalium, folsyre og vitamin B6. I tillegg inneheld frukta pantothensyre, A- og C-vitaminar, magnesium, kopar, nikotinsyre, jern og sink.
Avokado | Avokado | Avocadotræ (Persea americana)
Avocado | Avocado | Avocado | Avokado | Aguacate | Avocatier | אבוקדו | アボカド | Avocado | Awokado | Abacate | Avocado | Авокадо | Avokado