Ein asteroide er eit lite, fast objekt i solsystemet vårt. Dei går i bane rundt sola. Ein asteroide er eit døme på ein småplanet (eller planetoide) som er mye mindre enn planetane. Ein meiner at dei fleste asteroidane er rester etter den protoplanetæriske skiva som ikkje blei inkludert i ein planet i løpet av danningsprosessen. Noen asteroidar har månar. Den store majoriteten av asteroidane er i asteroidebeltet, med elliptiske banar mellom banane til Mars og Jupiter.
433eros.jpg visar utsynet frå den eine sida av asteroiden over salforma på undersida til den motsette sida. Landformer ned til 35 m på tvers er synlege.]]
Omgrepet «asteroide», i tydingastjerneaktig (frå gresk asteroeides, aster «stjerne» + -eidos «form, utsjånad»), blei fyrste gongen nytta i 1802 av Sir William Herschel rett etter at H. W. Olbers oppdaga den andre, 2 Pallas, den 28. mars same år. Dette beskreiv den stjerneaktige utsjånaden, alle andre planetar kunne ein nemlig sjå som skiver. Han introduserte au termen kjempeplanet. Den fyrste, vitskaplege tittelen som nytta dette ordet i tittelen blei publisert i 1840 av G. A. Erman.
Den presise definisjonen på ein asteroide er ennå ikkje bestemd. Omgrepet «småplanet» (eller planetoide) inneberer ikkje indikasjonar på samansettinga av objektet eller på kvar i solsystemet dei er. Derfor kan ein argumentere for at ikkje alle småplanetane skulle bli kalla «asteroidar».
Ein måte å klassifisere asteroidar er med hensyn til storleiken. Ein arbeidsdefinisjon er at asteroidar er større enn 50 km i diameter, noe som skil dei frå meteoroidar, som typisk er i kampesteinstorleik eller mindre. Skilnaden er hovudsakleg til fordi asteroidar er store nok til å overleve passasjen gjennom jordatmosfæren og slå ned i overflata rimelig heil i motsetning til dei mindre meteoroidane som for det meste går i oppløysing høgt oppe i atmosfæren.
Difor vil det vera tryggast å nytte termen «asteroide» for objekt i solsystemet som er større enn meteoroidar, mindre enn planetar og danna av stein (ikkje is).
Sjå solsystemet for eit komplett oversyn over objekta i systemet vårt, og småplanet for ei oversikt over dei subplanetære objekta som inkluderer asteroider.
Omgrepet kunstig asteroide blir ofte bruka om menneskelagde objekt som har endt opp i bane rundt sola, som til dømes Mariner IV-sonden.
Berekningar i dag setter totaltalet på asteroidar i solsystemet til fleire millionar. Den største asteroiden i det indre solsystemet er 1 Ceres, med ein diameter på 900-1000 km. To andre store asteroidar er 2 Pallas og 4 Vesta, begge har diametrar rundt 500 km. 4 Vesta er den einaste hovudbelteasteroiden som til tider er synleg frå jorda med det bare auget (sjå au 2004 MN4 som vil bli synleg noen dagar i 2029).
Sjå au liste over viktige asteroidar eller den rekkefylgjeordna lista over asteroidar.
Asteroidar er vanlegvis klassifisert i grupper etter karakteristikkane til banane deira og etter korleis det det synlege ljoset reflekterast.
Asteroide | Asteroid | Småplanet
Asteroid | Астероид | Asteroide | Asteroid | Småplanet | Asteroid | Asteroid | Asteroid | Asteroide | Asteroido | Astéroïde | 소행성 | Asteroide | אסטרואיד Planetoïde | 小惑星 | Asteroide | Asteroida (astronomia) | Asteróide | Астероид | Asteroid | asteroid | Asteroidi | Asteroid | ดาวเคราะห์น้อย | Asteroit | Asteroidlar | 小行星
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Asteroide".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world