article

Gray497.png Aortaklaffen er ein hjarteklaff og sit i utløpet frå venstre hjartekammer og i starten av livpulsåra (aorta). Han slepp blodet frå hjarte og ut systemkretsløpet når hjarte trekk seg saman (systolen). Når hjarte på nytt blir fyllt (diastolen) hindrar klaffen blodet i å renne attende.

Aortaklaffen har ein sirkelforma grunnflate. Han har tre kuspar (frå engelsk cusp) eller lommer, som opnar når trykket i venstre hjartekammer stig. Når trykket synk, snur blodstraumen og lommene blir fylt med blod og klaffen lukkar. Han liknar derfor på veneklaffane.

Nederst på livpulsåra, bak kuspane, er det ei utviding kalla sinus Valsalva kor ein finn avgangen av kranspulsårene. Sinus Valsalva gjer at kuspane ikkje legg seg heilt inn mot åreveggen og at blodstraumen ut i kranspulsårene ikkje blir avbroten.

Anatomi | Hjarte

Aortaklaff | Herzklappe | Aortic valve | Válvula de corazón | Valve cardiaque | Válvula aórtica

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Aortaklaff".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld