Aluminium er eit metallisk grunnstoff med sølvfarga glans. I kontakt med luft vert eit tynt oksidasjonslag danna på overflata. Dette hindrar vidare korrosjon. Aluminium veg omtrent ein tredel av stål og kopar. I rein form har aluminium liten styrke. For det meste vert derfor aluminiumlegeringar som er smibare og lette å bearbeide nytta i maskiner og ved støyping. Aluminium har utmerka korrosjonsmotstand og held lenge. Det er ikkje magnetisk.
Aluminiumoksid framstilt frå bauxitt vert brukt til produksjonen. Amerikanaren Charles Hall og franskmannen Paul Héroult kom i 1886, uavhengig av kvarandre, fram til ein elektrolytisk prosess for framstilling av aluminium. Denne vert kalla Hall-Héroult-prosessen og er framleis i bruk. Kryolitt løyser aluminiumoksid ved ein temperatur som gjer industriell produksjon praktisk mogleg. Aluminiumion vert redusert til aluminiummetall ved katoden.
Prosessen er ikkje problemfri. Særleg utslepp av fluor har vore eit problem. I tillegg kan produksjonen føra til utslepp av svoveldioksid, tjøre, PAH og sot. Nyare teknologi reduserer desse problema. I tillegg er produksjonen energikrevjande.
I Noreg vert aluminium mellom anna produsert i Høyanger og Årdal. Aluminium er virkelig et moderne materiale — lett, sterkt og lett å forme, og en god leder av både varme og strøm. Det er også umagnetisk, korrosjonsbestandig, hygienisk og resirkulerbart. Det er så lett at konstruksjoner i aluminium typisk veier rundt en tredjedel av tilsvarende produkter i stål.
Grunnstoff | Metall | Uedle metall
Aluminium | Aluminium | Aluminium | Aluminium | ألمنيوم | Aluminijum | Алуминий | Alumini | Hliník | Alwminiwm | Aluminium | Alumiinium | Αργίλιο | Aluminium | Aluminio | Aluminio | Aluminium | Almain | Aluminio (elemento) | 알루미늄 | Aluminij | Aluminio | Aluminium | Ál | Alluminio | אלומיניום | Bafûn | Aluminium | Alumīnijs | Aluminium | Aliuminis | Alumínium | Алуминиум | Konumohe | Aluminium | アルミニウム | ئاليۇمىن | Glin | Alumínio | Алюминий | Aluminium | Aluminij | Алуминијум | Aluminijum | Alumiini | அலுமினியம் | อะลูมิเนียม | Nhôm | Alüminyum | Алюміній | 铝
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Aluminium".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world