article

Zeus et Typhon.jpeg på ein vase frå 600-talet f.Kr.]]

Zevs (gresk Ζεύς (Zeús eller Zdeús) eller Δίας (Dias, gudekonge) er herskar over gudane i den greske mytologien, og gud over himmel og torevêr. I den romerske mytologien svarar han til Jupiter.

Mytologi


Soga fortel at Zevs var den siste ungen til Kronos, som til då hadde svelt alle ungane kona Rhea til då hadde født. Då ho fekk Zevs klarte ho å lura Kronos til å svelja ein stein i staden, og Zevs vaks opp i trygg løyndom.

ZeusPenetrating.jpg på ein vase frå 400-talet f.Kr.]]

Då han var blitt vaksen tvang han eller skar opp far sin og sleppte ut dei eldre søskna sine. Han tok søster si Hera til kone. Dei fekk ungane Hefaistos, Eileithyia, Hebe og Ares saman. Elles er Zevs kjend for talrike sidesprang med andre gudinner, nymfer og menneske, både kvinner og menn. Hera var svært sjalu, og straffa elskarane, eventuelt avkom og dei som hjelpte Zevs når ho kunne.

Historisk utvikling


Zevs var vidareutvikla frå den indoeuropeiske guden Dyeus som blei til Dyaus i den vediske gudelæra og Tyr (Ziu, Tiw, Tiwaz) i den norrøne. Den greske tilbedinga av guden har utspring i den minoiske sivilisasjonen, som kalla han for «Jordrystaren».

Peikar ut


greske gudar | herskargudar

Zeus | Zeus | Zeus | Zeus | زيوس | জিউস | Zeus | Зевс | Zeus | Zeus | Zeus | Zeus | Δίας (μυθολογία) | Zeus | Zeus | Zeŭso | Zeus | زئوس | Zeus | Zeus | 제우스 | ज़्यूस | Zeus | Zeus (mitologi) | Zeus | זאוס | ზევსი | Zeus | Zevs | Dzeusas | Zeusz | Зевс | Zeus | ゼウス | Zeus | Zeus | Zeus | Зевс | Zeus | Zeus | Zevs | Зевс | Zeus | Zeus | Zeus | Zeus | Zeus | Зевс | 宙斯

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Zevs".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld