Warszawa (på tysk språk Warschau, på engelsk språk Warsaw) er hovudstaden i Polen og den største byen i landet. Byen ligg ved Visla-elva, om lag 350 km sør for Østersjøen og like langt nord for Karpatane. Byen har 2 269 000 innbyggjarar (2003).
Byen, som òg er hovudstaden av den administrative regionen Masovia voivodskap, er heimstad for mange industriselskap innan mellom anna stål, bilindustri o.s.b., høgare utdannning (Universitet i Warszawa) og eit filharmonisk orkester, nasjonalteateret og opera.
Før 1200-talet var Warszawa ikkje noko meir enn ein fiskarlandsby. Byen vert nemnd fyrste gong i 1241, og fekk byrettar (Magdeburg-rettar) i 1334. Byen vart sete for hertugen av Masovia, og i 1596 vart byen hovudstad for det svenske Vasa-dynastiet som herska over Polen-Litauen. Byen har gjennom historia vore okkupert av mange naboland, mellom anna Sverige, Tyskland og Russland.
Under den andre verdskrigen var det mellom anna eit opprør, Warszawa-opprøret i 1944. Opprøret vara i 63 dagar, der den polske undergrunnshæren kjempa for å gjera hovudstaden fri frå dei tyske okkupantane. Etter massiv gjengjelding frå tyskarane og deira allierte styrkar, mista over 200.000 menneske livet. Etterpå vart byen systematisk øydelagd. Dei attlevande polakkane vart sett i tyske leirar fram til den raude arméen frigjorde byen. Delar av gamlebyen vart etter krigen gjenoppbygd som ein kopi av den øydelagde byen. Kulturpalasset i Warszawa er eit døme på stalinistisk arkitektur.
Hovudstader i Europa | Byar i Polen | Warszawa
Warszawa | Warszawa | Warszawa
وارسو | Варшава | Varšava | Varsòvia | Варшава | Varšava | Warschau | Varssavi | Warsaw | Varsovia | Varsovio | Varsovie | Varsovia - Warszawa | 바르샤바 | Warszawa | Warsawa | Varsjá | Varsavia | ורשה | Warszawa | Varsovia | Varšuva | Warschau | Varsó | Варшава | Varsavja | Варшовия | Warsaw | Warschau | Warschau | ワルシャワ | Warszawa | Varsóvia | Varşovia | Варшава | Varshava | Warsaw | Varšava | Varšava | Варшава | Varsova | Варшава | װאַרשע | 华沙
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Warszawa".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world