article

Faroe stamp 428 The Prophet.jpg.]]

Voluspå (norr. Vǫluspá, 'Volvas spådom') er eit eddadikt som handlar om fortida og framtida, byrjinga og slutten, i den norrøne gudelæra.

Voluspå er både ei forteljing om korleis verda blei til og ein dommedagsprofeti. Opphavet til Voluspå er ukjent, men ein reknar med at det er dikt anten i Noreg eller på Island seint på 900-talet i brytningstida mellom hedensk tru og kristendommen.

Ein finn Voluspå i to større verk; den eldre Edda og Hauksbók. Diktet er ganske ulikt i dei to verka, rekkefølgja på strofane er ulike og nokre av dei finst bare i eitt av dei to verka.

Innhald


Voluspå tek til med at Odin går til ei volve for å få henne til å spå om framtida. Før ho tar fatt på spådommen, går ho tilbake til byrjinga av skaparverket og framover til notida – tida Voluspå blei skriven. Etter dette spår ho om kva som vil koma. I skremmande bilde skildrar ho korleis verda går under i Ragnarok og æsene fell. Like før verdas ende utkjemper Tor, som siste gjenlevande gud, eit siste slag med Midgardsormen. Slaget ender med at sola slokner og verda søkk i havet. I dei siste strofane fortel ho korleis jorda igjen stig opp frå havet og ei ny verd blir til.

Lenkjer ut


eddadikt | spådommar

Voluspå | Völuspá | Vølvens spådom | Völuspá | Völuspá | Völuspá | Vøluspá | Völuspá | Völuspá | Völuspá | Волюспа

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Voluspå".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld