article

Dei vestgermanske språka er engelsk, frisisk, nederlandsk, afrikaans, plattysk (lågtysk), høgtysk og jiddisch. Dei inngår mellom dei germanske språka, som er den største språkgruppa mellom dei indo-europeiske språka.

Det opphavlege germanske språket er ukjent idag, da ein ikkje har skriftlege kjelder. Ein har likevel kunna konstruere eit urgermansk språk gjennom jamføring av dei ulike germanske språka. Dette språket utvikla seg til dei ulike germanske språka som sidan har funnest da germanske folkegrupper begynte å spreie seg over Nord-Europa i tida rundt Kristi fødsel.

Dei germanske språka brukar å bli oppdelte i tre språkgrupper, austgermanske språk, nordgermanske språk og vestgermanske språk. Dei austgermanske språka har døydd ut. Dei nordgermanske språka kallar vi òg nordiske språk.

indoeuropeiske språk | Germanske språk

Западногермански езици | Llengües germàniques occidentals | Západogermánské jazyky | Westgermanische Sprachen | West Germanic languages | Δυτική Γερμανική | Bahasa Jermanik Barat | West-Germaanse talen | Westgermaansche Spraken | Języki zachodniogermańskie | Západogermánske jazyky | 西日耳曼语支

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Vestgermanske språk".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld