article

LocationWestGermany.png Vest-Tyskland er ei nemning på dei vestlege delane av Tyskland. Etter andre verdskrig og fram til 3. oktober 1990 var Vest-Tyskland ei uformell nemning på den delen av Tyskland som ikkje var del av den tyske demokratiske republikken (DDR).

Besatzungszonen ohne text.gif

Bakgrunn


Etter krigen vart Tyskland delt i okkupasjonssonar av dei sigrande maktene. USA, Frankrike og Storbritannia hadde styrkar i vest, medan Sovjetunionen hadde styrkar i aust. Formelt vart den tyske staten reorganisert i dei vestlege delane i 1949.

Germany divided DDR.png

Namn


I Tyskland vart oftast namnet Forbundsrepublikken Tyskland (Bundesrepublik Deutschland) nytta om landet. DDR vart ofte kalla SBZ eller Midt-Tyskland i vest. Nemninga 'Aust-Tyskland' vart hovudsakleg nytta i utlandet, og den vesttyske regjeringa motarbeida bruken av namnet 'Aust-Tyskland' for DDR, sidan dei reserverte namnet for dei austlege tyske provinsane som sigersmaktene hadde stilt under Folkerepublikken Polens forvaltning, og som dei polske kommunistane de facto hadde annektert. Den provisoriske hovudstaden i Vest-Tyskland var i røynda Bonn. Berlin var formelt og symbolsk hovudstad. Vest-Tyskland styrde over dei vestlege delane av Berlin, kalla Vest-Berlin. Aust-Berlin var hovudstad i DDR.

Sjølvstyre


(Vest-)Tyskland vart erklært fullt sjølvstendig att den 5. mai 1955 samstundes med at landet vart medlem av NATO. Gjennom NATO-alliansen fortsatte USA å ha styrkar i landet. DDR vart òg erklært sjølvstendig (til liks med Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia), men var i røynda ein sovjetisk marionettstat styrt frå Moskva. Sovjetiske okkupasjonsstyrkar blei verande i DDR, og vart nytta til å slå ned oppstør blant befolkninga.

Tysk historie

Vest-Tyskland | Västtyskland | Vesttyskland | ألمانيا الغربية | República Federal d'Alemanya | Westdeutschland | Lääne-Saksamaa | West Germany | Okcidenta Germanio | Alemaña do Oeste | 서독 | Jerman Barat | Germania Ovest | גרמניה המערבית | West-Duitsland | 西ドイツ | Alemanha Ocidental | Zahodna Nemčija | Западна Немачка | Zapadna Nemačka | Länsi-Saksa | 西德

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Vest-Tyskland".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld