article

Vest-Sahara er eit delvis okkupert land som av SN blir sett på som den siste kolonien i Afrika.

Geografi


Western Sahara-CIA WFB Map.png Vest-Sahara ligg vest i det nordlege Afrika, og grensar i vest til Atlanterhavet, i nord til Marokko, i aust til Algerie og i sør til Mauritania.

Historie


Det tørre området vest i Sahara opplevde først vekst då kamelen blei introdusert, slik at handel og kommunikasjon blei lettare. Handelsruter mellom Marrakech og Timbuktu gjekk gjennom området. Sidan 700-talet har området vore muslimsk, noko som har prega kulturen.

Ved byrjinga av 1900-talet grunnla Spania kolonien Spansk Sahara i området. I 1975, før spanjolane hadde rukke å trekkje seg ut, okkuperte uvæpna marokkanarar den nordvestlege delen av Vest-Sahara, og Mauritania den sørvestlege. Etter at Mauritania trekkte seg ut av området, okkuperte Marokko også denne delen. Motstandsrøyrsla, Front Polisario, som tidlegare hadde kjempa mot spanjolane, leia ein geriljakrig mot dei to nye okkupantane Marokko og Mauritania. Ei våpenkvile vart gjennomført i 1991.

Som ein del av våpenkvileavtala, vart ein einige om å halda ei folkeavstemming i 1992 der innbyggjarane i landet skulle få avgjera om dei ynskte at området skulle bli sjølvstendig, eller innlemmast i Marokko. Trass i at partane er blitt einige om at ei avstemming skal haldast, har Marokko til no nekta for at ho skal finne stad.

Western sahara map showing morocco and polisaro.gif

Sidan området vart okkupert, har fleirtalet av dei vestsahariske innbyggjarane budd i flyktingeleirar sørvest i Algerie. Der held også eksilregjeringa til. Front Polisario kontrollerer austlege delar av landet.

Sidan marokkanske styrkar rykka inn i området, har Marokko bygd ein 2200 km lang mur gjennom Vest-Sahara, som delar territoriet i to. Muren hindrar folkesetnaden i dei okkuperte områda frå å kome i kontakt med folkesetnaden i flyktningeleirane i Algerie.

Politikk


Territoriet er i dag folkerettsleg omstridt. Både Marokko og Front Polisario gjer krav på det. Ettersom området aldri vart sjølvstendig etter spansk koloniherredøme, blir Vest-Sahara i dag sett på som Afrika sitt siste uløyste kolonispørsmål i SN.

Etter at området vart okkupert, utropte eksilregjeringa i Algerie Den Sahariske Arabiske Demokratiske Republikk. Republikken har vorte anerkjent av eit 70-tals statar, og er medlem av den afrikanske unionen.

Økonomi


Trass i at Vest-Sahara for det meste består av ørken og halvørken, er det eit område som er rikt på naturressursar. Vest-Sahara har blant verdas rikaste fiskeforekomstar, og store fosfatgruver. Ein reknar med at det finst store olje- og gassreservar i havbotnen utanfor området. All økonomisk aktivitet i Vest-Sahara er kontrollert av den marokkanske regjeringa, som tilbyr skattelette og subsidiar til marokkanske busetjarar i dei okkuperte områda. Inntektene er likevel betrakteleg lågare enn i Marokko.

Folkesetnaden er tradisjonelt nomadiske. Dei som lever i flyktningeleirane i Algerie er avhengige av internasjonal bistand, ettersom området som leirane befinn seg i ligg i udyrkbare område av Sahara-ørkenen.

Kjelder


Lenkjer ut


  • http://www.saih.no/skvs
  • http://groups.yahoo.com/group/Sahara-update/
  • http://www.arso.org/
  • www.icbl.org - landminer

usjølvstendige område | Vest-Sahara | Marokko | land i Afrika

Vest-Sahara | Västsahara | Vestsahara | Wes-Sahara | الصحراء الغربية | Sajara Ozidental | Sáhara Occidental | Sai Sahara | Zapadna Sahara | Западна Сахара | Sàhara Occidental | Západní Sahara | Gorllewin Sahara | Westsahara | Lääne-Sahara | Western Sahara | Sahara Occidental | Okcidenta Saharo | Mendebaldeko Sahara | Sahara occidental | 서사하라 | Zapadna Sahara | Sahara Barat | Vestur-Sahara | Sahara Occidentale | סהרה המערבית | Rietumsahāra | Vakarų Sachara | Nyugat-Szahara | Западна Сахара | Sahara Barat | Westelijke Sahara | 西サハラ | Sahara Zachodnia | Saara Ocidental | Sahara Occidentală | Западная Сахара | Western Sahara | Západná Sahara | Zahodna Sahara | Западна Сахара | Zapadna Sahara | Länsi-Sahara | Western Sahara | Batı Sahra | Sara Coûtchantrece | 西撒哈拉

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Vest-Sahara".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld