article

Vatikanstaten er den minste staten i verda. Sjølv om staten er liten , er han kjend over heile verda, og han er eit viktig turistmål. Staten ligg midt i Italia sin hovudstad Roma. I likskap med staten San Marino er Vatikanstaten heilt omslutta av Italia. Vatikanstaten vart oppretta den 11. februar 1929, og har kring 1.000 innbyggjarar. Han er den vesle resten etter den ein gong så mektige Kyrkjestaten.

Staten er formelt sjølvstendig, sjølv om det er nært samkvem med Italia, og Paven er statssjef. Vatikanstaten er på berre 0,44 kvadratkilometer, men den har sine eigne euro-myntar, eige postvesen, eigen radio- og fjernsynsstasjon, og eiga avis (L'Osservatore Romano). I tillegg er det eigen jarnvegsstasjon, og 862 meter med jarnveg. Hæren er svært kjent. Den heiter Sveitsargarden, og vert utgjort av over 100 sveitsergardistar. Hæren, som er paven si personlege livvakt, oppstod på 1500-talet. Av kjende bygningar i Vatikanstaten er nok Peterskyrkja den mest kjende. Kyrkja er det største kyrkjebygget i verda. Ho er bygd over apostelen Peter si grav. Andre kjende bygg er Vatikanbiblioteket og Vatikanmuséa. Petersplassen framom Peterskyrkja er òg svært kjent.

Piazza San Pietro (febbraio 2005).jpg I Vatikanstaten er det paven som styrer. Paven er den øvste leiaren for Den katolske kyrkja. Pavedømet er i høve tradisjonen innstifta av Jesus Kristus sjølv. Kort tid etter at han døydde stod Peter fram som leiar (biskop) for den kristne kyrkjelyden i Roma. Biskopen av Roma var leiaren for heile den kristne kyrkja. Etter kvart vart biskopen i Roma kalla pave. Ordet pave tyder far. Som leiar for den katolsk kyrkja må paven klargjera viktige trusspørsmål, og orda hans vert i denne samanhengen rekna som «ufeilbarlege». Kyrkja ved paveembetet er ufeilbarleg når paven uttalar seg om viktige lærespørsmål.

På verdsveven


Vatikanstaten | Land i Europa | Katolisisme | Enklavar | Mikrostatar | Roma

Vatikanstaten | Vatikanstaten | Vatikanstaten | Vatikaanstad | Vatikan | فاتيكان | Ziudá d'o Baticano | Vaticano | Vaticano | Vatikan | Keoded ar Vatikan | Ватикан | Ciutat del Vaticà | Ватикан | Vatikán | Fatican | Vatikanstadt | Vatikan | Βατικανό | Vatican City | Ciudad del Vaticano | Vatikanurbo | Vatikano Hiria | واتیکان | Vatikanið | Vatican | Fatikaanstêd | Cidade do Vaticano - Civitas Vaticana | 바티칸 시국 | वैटिकन शहर | Vatikan | Vatikano | Vatikan | Vaticano | Vatíkanið | Città del Vaticano | קריית הוותיקן | ვატიკანი | Sita an Vatikan | Civitas Vaticana | Vatikāns | Vatikanstad | Vatikanas | Vaticaanstad | Vatikán | Kota Vatican | Vaticaanstad | Vaticaanstad | バチカン | Sant Sèti | ۋاتىكان | Vatikaan | Watykan | Vaticano | Vatican | Ватикан | Vatikána | Cità dû Vaticanu | Vatican City | Vatikán | Vatikan | Ватикан | Vatikan | Vatikaanivaltio | Lungsod ng Vatican | வத்திக்கான் நகர் | นครรัฐวาติกัน | Thành Vatican | Vatikan | Ватикан | Ватикан | Çità del Vatican | 梵蒂冈

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Vatikanstaten".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld