Vardø er ein bykommune i Finnmark som grenser mot nabokommunane Vadsø i vest og Båtsfjord i nordvest. I dag bor det omtrent 2600 innbyggjarar i kommunen, av dei i overkant av 2000 i sjølve byen som ligg på den 3,7 km² store Vardøya. Den nest største tettstaden er Kiberg. Vardø er den austlegaste byen i Noreg og heile Vest-Europa. Hammerfest og Vardø er dei eldste byane i Nord-Noreg sidan dei fekk bystatus samtidig i 1789.
Busetnaden i Vardø går heilt attende til tida da Håkon V Magnusson fekk bygd Vardøhus festning som skulle forsvare Noregs austgrense. Vardø fekk bystatus i 1789, og er dermed i lag med Hammerfest Nord-Noregs eldste by.
På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der særleg unge kvinner vart dømd til døden og henretta. Venuspassasjen vart i 1769 også observert frå Valen, eidet som knyter vestre og austre del av Vardøya saman, og var viktig for beregninga av avstanden mellom Jorda og Sola.
Fiske har lenge vore hovudinntekta til Vardøsamfunnet. I etterkrigstida betydde Forsvaret også mykje for kommunen, som på det meste hadde 4200 innbyggjarar. Byen er no under omstilling, og sivil overvåking av havområda utanfor ser ut til å bli eit nytt satsningsområde i tillegg til utvikling av turismen. Vardø er eit svært attraktivt reisemål blant fuglekikkarar.
Kibergneset ved Vardø er det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Her ligg restar av eit tysk kystfort frå den andre verdenskrigen.
Byar i Finnmark | Vardø | Hurtigruta | Kommunar i Finnmark
Vardø | Vardø | Вардьо | Vardø | Vardø | Vardő | Vardø | Vardø | Vardø | Vardø | Várggát | Vuoreija