Vêr er alle dei fenomena som opptrer naturleg i atmosfæren til ein planet. Vêr har ein tidsskala på opp til eit par dagar, medan snittet av veret over ein lang periode blir kalla klima.
På jorda er nokre vanlege vêrtypar vind, torevêr, regn, sludd, hagl og snø. Desse opptrer i troposfæren eller dei lågare delane av atmosfæren. Drivkrafta til alt vêr på jorda er innstrålinga frå sola og at ulike delar av jorda vert oppvarma ulikt. Dette gjev temperaturforskjellar som skapar det storstilte vindmønsteret på jorda, og i neste omgang alle andre vêrtypar.
Vitskapen som mellom anna kan seia korleis vêret kjem til å bli heiter meteorologi. Ved hjelp av meteorologiske målingar og utrekningar får me mykje nøyaktigare føresegner om korleis vêret kjem til å bli, men samstundes er vêret av natur eit tilsynelatande kaotisk system, og det er fortsatt vanskeleg å varsla vêret heilt nøyaktig langt inn i framtida.
Vær (meteorologi) | Väder | Vejr | Temps atmosfèric | Počasí | Wetter | Ilm | Καιρός | Weather | Tiempo atmosférico | Vetero | Temps (météorologie) | Aimsir | Tempo atmosférico | Cuaca | מזג אוויר | Weer (meteorologie) | 気象 | Pogoda | Fenômeno climático | Погода | Weather | Počasie | Sää | Hava (iklim) | 天氣 | 天气