2june2006 114.jpg Uniform (lat., 'einsarta') er klesdraktar som i stor grad er eins for ei gruppe, og viser at dei som ber han er medlemmer av gruppa. Delar av uniformen kan òg visa kva rang eller funksjon beraren har i gruppa. Ein kan bruka uniform for å identifisera medlemmer av gruppa, både for andre medlemmer og for utanforståande, og for å skapa kjensler av likskap eller fellesskap.
Ceremony.lifeguard.london.arp.jpg i uniformar utforma på 1600-talet. (Foto: Adrian Pingstone)]]
Uniformar kan ta mange former, frå einsfarga kjeledressar til prangande paradeuniformar. Det dei ofte har felles er at dei skil seg frå kleda ein bruker i resten av samfunnet. Med moderne uniformar kan skiljet vera lite, til dømes gjennom valet av ein særskild farge på tøyet. Draktar med lengre tradisjon bak seg vil derimot vera svært ulike daglegtøy. Medan vanleg klesdrakt stadig endrar seg, vil nemlig uniformar halda seg til den opphavlege utforminga si om ikkje ein autoritetsperson sørger for at dei blir oppdaterte.
Uniform | Uniform | Uniformo | Uniforme | Divisa | מדים | Uniform | 制服 | Uniform | Uniforme | Форма (одежда) | Uniform | Uniforma | Univormu | 制服