Underhalding er ei handling eller ein opptreden som har som hovudmål å fanga merksemd og mora dei som ser på eller er med. Ulike typer framføringar, spel, leikar, festar og reiser er døme på underhalding.
Andre typar underhalding blir skapt av aktørane sjølve. Dette gjeld mellom anna deltakande dans og idrett, selskapsleikar og rollespel.
Skiljet mellom underhaldarar og underheldne er ikkje absolutte, noko ein ser i formene utøvarforma barneteater eller ringinn-program på radio.
Underhalding kan ta plass på gata (t.d. gatemusikantar) eller heime, men det finst òg mange stader som er via underhalding: Bygg som konserthus og kinosalar og parkar med vakker natur, dyr eller mange underhaldande aktivitetar.
Visse medier er særs eigna og blir mykje brukt til å underhalda. I dag er fjernsynet det viktigaste av desse mediene, medan radioen var størst i tidlegare tider. Spel og andre aktivitetar på datamaskinar er òg blitt populære former for tidtrøyte.
I Noreg i dag er det vanleg å setja av tid til å slappa av og nyta underhalding, gjerne kvar dag. I andre samfunn har ein gjerne hyppige festdagar og festivalar som kan gjera kvardagen meir fargerik. Restar av dei mange gamle norske merkedagane finn me på primstaven og i mellom anna julefeiringa. Tidsrom som er særleg via underhalding er feiringane av mellom anna karneval og holi.
Underholdning | Unterhaltung | Entertainment | Entretenimiento | تفنن | Divertissement | בידור | मनोरंजन | エンターテイメント | Amusement | Underholdning | Divertisment | Entertainment | Развлечение
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Underhalding".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world