Ulstein er ein kommune på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Den grenser i aust til Hareid kommune. Mot vest ligg øykommunen Herøy. Mot søraust, over Vartdalsfjorden, ligg Ørsta og Volda.
Kommunen fekk bystatus i 2000 og er ein av dei få byane i Noreg som vurderte å bruke «by» (Ulstein by) i namnet.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar eller «ulvetenner» i gull som symboliserar dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984. Næringsliv og industri Skipsindustrien ber økonomien; Ulstein Verft, Rolls-Royce og Kleven Verft er hjørnesteinsverksemder.
Etter Ålesund er Ulsteinvik det største handelsenteret på Sunnmøre, tilreisande frå nær og fjern kjem for å handla til dømes på Blåhuset og Brendehaugen/Saunesmarka.
Historie Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er og kjend for fotballaget IL Hødd.