USA er den offisielle forkortinga for United States of America, dei amerikanske Sambandsstatane. Som adjektiv blir gjerne forkortinga US bruka, såleis til dømes i namnet US Army, Den amerikanske hæren. Landet er det tredje mest folkerike i verda og blir rekna som den einaste gjenverande supermakta i dag.
Opprørserklæringa blei følgd av ein sju år lang væpna konflikt mellom den revolusjonære amerikanske hæren og britiske styrkar. Dette var Sjølvstendekrigen, eller Den amerikanske revolusjonen. Begge nemningane blir bruka.
I 1783 godkjende Storbritannia den nye staten. Flagget til USA fekk 13 striper og 13 stjerner, etter talet på delstatar (no: 50 statar, 50 stjerner). Fargane var raudt, kvitt og blått som i det britiske flagget. Dei fleste av dei 3-4 millionar kvite innbyggjarane i landet kom jo frå Storbritannia.
New Orleans h76369k.jpg i 1862.]] Motsetninga mellom det industrialiserande nord og det plantasjebaserte jordbruket i sør auka stadig. Det gjaldt særleg tollspørsmålet. Nord ville ha vernetoll mot britisk industri, eksportjordbruket i sør ville ha frihandel og billige britiske industrivarer. I 1861 braut 11 sørstatar ut og danna CSA, Dei amerikanske konfødererte statane, eller rett og slett Konføderasjonen. Dette hadde dei rett til etter Grunnlova, som sa at det var ein friviljug union, sa dei. Men den føderale regjeringa under Abraham Lincoln godtok det ikkje, og den amerikanske borgarkrigen varte i fire år. (Det er elles ein myte at krigen berre gjaldt slaveriet. Den føderale regjeringserklæringa som oppheva slaveriet kom i 1863, og da hadde krigen vara i to år alt.)
Rundt hundreårsskiftet ekspanderte USA vidare, ved å skaffe seg kontroll over tidlegare spanske koloniar som Cuba og Filippinane. Heile Latin-Amerika blei sett på som USA sitt "interesseområde", og USA har sidan gjort ei mengd militære intervensjonar og andre meir indirekte innblandingar i Latin-Amerika. Masseinnvandringa til landet heldt fram til første verdskrigen tok til, men etter den blei det innført strenge kvotar for å hindre vidare innvandring av uønskte folkegrupper som jødar og italienarar. Heile tida sidan starten var den økonomisk, kulturelt og politisk dominerande gruppa i USA dei såkalla WASPane, White Anglo-Saxon Protestants, altså folk med britisk opphav. Alle US-amerikanske presidentar til dato har vore mannlege WASPar, unnateke John F. Kennedy, som var av irsk-katolsk opphav.
Første verdskrigen førte til auka makt for USA. Landet var berre med siste året, og kom ut av krigen som kreditor-nasjon. Alle skulda dei pengar, både dei allierte og etter krigen også dei slegne. Verda sitt finansielle sentrum skifta frå London sitt indre "City" til New York sitt "Wall Street" og børsen der. Dette skulle få særs dramatiske følgjer da krakket kom i 1929. Dei amerikanske kredittane som hadde halde tysk økonomi flytande i 20-åra, blei trekte tilbake. Og mesta heile den tyske middelklassen gjekk til nazistane, frå og med valet i 1930.
USA sjølv var og hardt ramma av den kapitalistiske krisa. I tillegg til den økonomiske krisa og arbeidsløysa kom ei økologisk: Mange bønder blei ramma av "The Dust Bowl", da matjorda bles vekk etter altfor hard utnytting. Landet hadde ingen sosiale ordningar for dei som fall utanom, berre privat velgjerd. Styresmaktene skulle etter marknadsliberalismen sine prinsipp ikkje blande seg inn i økonomien, og alt stod i sju steinar. Men etter demokraten Franklin Delano Roosevelt vann presidentvalet i 1932, og blei president i 1933, førte han ein aktiv statleg politikk mot krisa, ei amerikansk utgåve av keynesianisme kalla "New Deal". New Deal bidrog til å få landet på fote att etter denne største økonomiske krisa i landet si historie, men slik mesta sosialdemokratisk politikk er mislikt av mektige krefter i USA, og det var og er eit mål for høgresida i det republikanske partiet og presidentar som Ronald Reagan og George W. Bush å fjerne dei siste restar av arven frå Roosevelt og velferdsstat-tenkinga.
Den 7. desember 1941 blei den amerikanske flåtebasen på Hawaii angripen av japanske bombefly, og USA kom med i den andre verdskrigen.
Men samtidig som USA i hovudsak støtta demokratiet i Vest-Europa, heldt dei fram med å støtte undertrykkjande og korrupte regime i andre verdsdelar, og mange amerikanske delstatar hadde eit valdeleg og diskriminerande åtskiljingssystem (segregation, apartheid) som i praksis frårøva afroamerikanarane grunnleggjande menneskerettar. Under den kalde krigen blei og den politiske fridommen i landet innskrenka, gjennom ein hysterisk kampanje mot alt venstreorientert, som blei kalla "kommunistisk". Særleg 1950-åra var prega av slik "mccarthyisme", etter senator Joseph McCarthy som leidde denne heksejakta. Etter George W. Bush blei president hevdar somme at det er teikn som tyder på ei liknande innskrenking i den politiske fridommen og pressefridommen i USA.
Afroamerikanarane måtte føre ein langvarig og hard kamp for å få slutt på den opne diskrimineringa i landet. Den fremste av leiarane deira var Martin Luther King jr. Ikkje før midt på 1960-talet hadde nye føderale lover sørgd for at diskriminering og formell åtskiljing blei ulovleg. Men fattigdomsproblemet er framleis stort blant afroamerikanarane, relativt mykje større enn for den kvite befolkninga, og fleire tilfelle av rasistisk politivald er blitt avslørt dei seinare åra.
Etter den kalde krigen er USA den einaste militære supermakta i verda, og synest under president George W. Bush vere viljug til å bruke denne i strid med Folkeretten. Men økonomisk er bildet meir tvitydig, for landet har konstant store underskot på handelsbalansen og statsbudsjettet, og dei sosiale skilnadene mellom fattige og rike blir stadig større. Store grupper lønnstakarar har hatt reallønnsnedgang dei siste åra, og ein ny kategori fattige i USA har fått namnet "working poor". Samtidig sørgjer sterke kristenfundamentalistiske organisasjonar og mektige media for at andre spørsmål er det som står dagsordenen, særleg slike "moralske" spørsmål som kampen mot likestilling for homofile. Det kan vere noko av forklaringa på at George W. Bush blei attvald som president ved valet i 2004.
Map of USA showing state names.png
USA består av 50 delstatar:
Forbundsdistrikt & hovudstad: Washington, DC
Land i Nord-Amerika | Historie | Sambandsstatane
Amerikas forente stater | USA | USA | Verenigde State | USA | አሜሪካ | Geānlǣht Rīcu American | الولايات المتحدة الأمريكية | Estatos Unitos | Ètats-Unis d’Amèrica | Estaos Xuníos d'América | Amerika Birləşmiş Ştatları | মার্কিন যুক্তরাষ্ট্র | Bí-kok | Злучаныя Штаты Амэрыкі | Sjedinjene Američke Države | Stadoù-Unanet Amerika | Съединени американски щати | Estats Units d'Amèrica | Америкăри Пĕрлешӳллĕ Штатсем | Spojené státy americké | Meijgoz | Unol Daleithiau America | Amerikaa | Vereinigte Staaten | އެމެރިކާ | Wááshindoon bikéyah ałhidadiidzooígíí | Ameerika Ühendriigid | Ηνωμένες Πολιτείες της Αμερικής | United States | Estados Unidos de América | Usono | Amerikako Estatu Batuak | ایالات متحده امریکا | États-Unis d'Amérique | Feriene Steaten fan Amearika | Stáit Aontaithe Mheiriceá | Na Stàitean Aonaichte | Estados Unidos de América - United States of America | સંયુક્ત રાજ્ય અમેરિકા | 미국 | संयुक्त राज्य अमेरिका | Sjedinjene Američke Države | Usa | Estados Unidos iti America | Amerika Serikat | Statos Unite de America | ᐊᒥᐊᓕᑲ | Америкæйы Иугонд Штаттæ | Bandaríkin | Stati Uniti d'America | ארצות הברית | ამერიკის შეერთებული შტატები | संयुक्त राज्य अमेरिका | Statys Unys | Leta Zunze Ubumwe z’Amerika | Etazini | Dewletên Yekbûyî yên Amerîkayê | Civitates Foederatae Americae | Amerikas Savienotās Valstis | Vereenegt Staate vun Amerika | JAV | Vereinegde State van Amerika | mergu'e | Amerikai Egyesült Államok | Соединети Американски Држави | യു.എസ്.എ. | Stati Uniti | अमेरिकेची संयुक्त संस्थाने | Amerika Syarikat | Стателе Уните але Америчий | အမေရိကန္ပ္ရည္ေထာင္စု | Altépetl Osehsepanoaseh Americac | Verenigde Staten | アメリカ合衆国 | Êtats Unnis d'Améthique | Estats Units d'America | ئامېرىكا قوشما شتاتلىرى | د امريکا متحده ايالات | សហរដ្ឋ | USA | Stany Zjednoczone | Estados Unidos da América | Statele Unite ale Americii | Stadis Unids da l'America | Соединённые Штаты Америки | Amerihká ovttastuvvan stáhtat | संयुक्त राज्य अमेरिका | Unitit States | Shtetet e Bashkuara | Stati Uniti | United States | Spojené štáty | Združene države Amerike | Сједињене Америчке Државе | Sjedinjene Američke Države | Yhdysvallat | Estados Unidos | ஐக்கிய அமெரிக்க நாடுகள் | สหรัฐอเมริกา | Hoa Kỳ | Иёлоти Муттаҳидаи Амрико | Yunaitet Stets | ᎠᎺᎢ | Amerika Birleşik Devletleri | Сполучені Штати Америки | ریاستہائے متحدہ امریکہ | Amerika Qo`shma Shtatlari | Stati Unìi d'Amèrica | Estats Unis | פאראייניקטע שטאטן פון אמעריקע | Orílẹ̀-Èdè Amẹ́ríkà | 美國 | 美國