article

Tyrkia er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Det grenser til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i sør.

Dagens sekulære demokratiske republikk blei til i 1923, og bygger på det tidlegare ottomanske riket. Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom det gamle Hellas) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen.

Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykka minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.

Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.

Tu-map.png

Geografi


Anatoliahalvøya utgjer størsteparten (97%) av det tyrkiske landområdet, og ligg mellom Svartehavet i nord og Middelhavet i sør og vest, med Egearhavet og Marmarasjøen imellom. 3% av landområdet ligg vest for Bosporos, i søraustre Europa.

Økonomi


Næringslivet i Tyrkia er ei innvikla blanding av moderne handel og industri og ein tradisjonell jordbrukssektor, som i 2001 fortsatt sysselsette 40% av arbeidstakarane. Landet har ein sterk privat sektor i vekst, men staten speler òg ein viktig rolle i grunnleggjande industriar, kommunikasjonar og bankvesen.

Utrekningar har estimert av halvparten av folket lever under det internasjonale fattigdomsnivået, særleg i dei krigsherja kurdiske områda i søraust.

Utanrikspolitikk


Tyrkia har vore veldig vest-orientert sidan slutten av 1800-talet. På eit toppmøte i EU i desember 2004 blei det opna for forhandlingar med sikte på medlemskap for Tyrkia. EU krev mellom anna at Tyrkia utviklar demokratiet og at ein finn fram til ei løysing på problemet med Kypros, der det i dag finst éin internasjonalt anerkjend stat (den «greske» delen av øya), som Tyrkia nektar å anerkjenna som sjølvstendig stat, og éin tyrkisk del, kalla Nord-Kypros, som ingen andre nasjonar enn Tyrkia anerkjenner som ein eigen stat.

Tyrkia i dag


Etter at AKP (Adalet ve Kalkinma Partisi-Rettferd og Velferdspartiet) kom til regjeringsmakta i 2003 har landet hatt ein økonomisk vekst utenom det vanlege. Inflasjonen har gått bakover, og AKP, kjend for å ha muslimske røter, har ført landet nærmare EU. EU-forhandlingane har formelt starta i 2005, men det er ennå ikkje kjent om Tyrkia kjem til å bli medlem. Mange i EU er skeptiske til Tyrkia, mellom anna fordi landet har ei bakgrunn som inneheld systematiske brot på menneskerettane (sjå Utanrikspolitikk over og Pogromar i Tyrkia under).

Peikar ut


Tyrkia | NATO-land | Land i Asia | Land i Europa | Land i Midtausten

Tyrkia | Turkiet | Tyrkiet | تركيا | Turquía | Turquía | Türkiyə | Türkiye | Turska | Turkia | Турция | Turquia | Турци | Turecko | Twrci | Welschhinkel | Türkei | Türgi | Τουρκία | Republic of Turkey | Turquía | Turkio | Turkia | ترکیه | Turquie | Turkije | An Tuirc | Turquía - Türkiye | 터키 | Թուրքիա | Turska | Turkia | Turki | Turchia | Турк | Tyrkland | Turchia | תורכיה | თურქეთი | तुर्किये | Turki | Tirkiye | Turcia | Turcija | Tierkei | Turkija | Törkieë | Törökország | Турција | Turki | Turkije | トルコ | Turtchie | Törkie | Turcja | Turquia | Turcia | Турция | Durka | तुर्किये | Turqia | Turchìa | Turkey | Turecko | Turčija | Турска | Turska | Turkki | Turkiya | துருக்கி | Törkiä | ประเทศตุรกี | Türkiye Cumhuriyeti | Türkiýe | Туреччина | Turkiya | טערקיי | 土耳其

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Tyrkia".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld