article

Turners syndrom, òg kalla Monosomi X, er eit kromosom-avvik som berre råkar kvinner. Syndromet blei skildra av Henry Turner i 1938.

Kvinner med dette avviket har berre eit fungerande kjønnskromosom X, i staden for to. Dett kan vera tilfelle i alle cellane i kroppen eller berre nokre. I det siste tilfellet blir det kalla for ein mosaikk-tilstand.

Kvinner med Turnes syndrom er som regel under 150 cm høge, har ikkje menstruasjon eller sekundære kjønnsatributtar som bryst og er ufruktbare. Tilførsel av kjønnshormon kan gje sekundære kjønnsatributtar, men vil ikkje endra lengdeveksten. Ved mosaikk-tilstandar kan dei bli høgare og kan i nokre tilfelle bli gravide ved eggdonasjon.

Syndromet i seg sjølv verkar ikkje inn på intelekt eller livslengd, men kvinner med Turners syndrom har oftare medfødde hjartefeil og andre tilstandar.

Kjelde


intersex

Turners syndrom | Turnerův syndrom | Turner-Syndrom | Turner syndrome | Síndrome Turner | Syndrome de Turner | Sindrome di Turner | תסמונת טרנר | Syndroom van Turner | Zespół Turnera | Síndrome de Turner | Тарнеров синдром | Turnerin oireyhtymä

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Turners syndrom".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld