article

Drukarnia-zlamywak.jpg

Trykking er ein industriell prosess for å produsere tekst og bilde, typisk med blekkpapir ved hjelp av ei trykkepresse.

Buchdruck-15-jahrhundert 1.jpg

Historie


Trykking blei først utvikla i Kina, der blokktrykk med tre var i bruk på 500-talet. I 1040 utvikla oppfinnaren Pi Sheng lause typar i tre, og to århundre seinare blei det laga metalltypar i Korea. Utbreiinga av trykkekunsta førte til at kinesiske bibliotek inneheldt titusentals verk, medan bøker fortsatt var mangelvare i Europa.

Kunnskapen om trykking filtrerte truleg vestover, gjennom India og Arabia til Europa, men likevel var ein nøydd til å gjenoppfinna dei lause typane her. Det gjorde Johann Gutenberg i 1440, på ei gammal vinpresse. Oppfinninga er blitt gjeven mykje av æra for den europeiske overgangen frå mellomalder til opplysingstid.

Mot slutten av 1700-talet kom ei bølgje med nye oppfinningar innan trykkinga, som teknikkane litografi og trestikk, og fleire typar nye og sterkare presser.

Bakgrunnsstoff


typografi

Boktryckarkonst

Percetakan | Buchdruck | Printing | Presarto | Imprenta | Imprimerie | דפוס | 活字 | Drukpers | Druk | Tipografia | 印刷

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Trykking".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld