Thallium er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Tl og atomnummer 81. Det høyrer til gruppe 13 i periodesystemet.
Metallet er mjukt og lettformeleg, og kan skjerast i med kniv. Det har ein metallisk glans som det fort mister i luft, og får i staden ein blå-grå farge. For at stoffet ikkje skal oksidera oppbevarar ein det gjerne under vatn.
Thallium er eit giftig tungmetall og har vore brukt til å forgifta rotter og insekt. Stoffet har òg vore brukt i giftmord på menneske.
Sjølve grunnstoffet og sambindingane det dannar er svært giftige. Dette er fordi det kan erstatta viktige alkalikation i kroppen, til dømes natrium og kalium. Ombyttinga fører til at alle prosessane i cella stopper opp. Stoffet var særs virkningsfullt som mordvåpen før ein forstod korleis det verka og fann fram til ei motgift (berlinerblå, Fe4*3). Thalliumforgifting fører mellom anna til at ein mister håret.
Thallium i mindre dosar kan truleg framkalla kreft.
På grunn av helsefarene er thallium ikkje lenger brukt som rottegift.
Filmen The Young Poisoner's Handbook frå 1995 var basert på livet til film Graham Frederick Young som drepte minst tre menneske med thallium i 1960- og -70-åra.
Thallium | Tallium | Tal·li | Thallium | Thallium | Tallium | Θάλλιο | Thallium | Talio | Talio | Thallium | 탈륨 | Talij | Talio | Þallín | Tallio | תליום | Talyûm | Tallijs | Talis | Tallium | Thallium | タリウム | Talli | Tal | Tálio | Таллий | Талијум | Tallium | แทลเลียม | Tali | Talyum | Талій | 铊
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Thallium".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world