article

Ein tettstad er eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Statistisk sentralbyrå definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter.

Somme større tettstader har i nyare tid, etter at den statleg bestemte formelle minstegrensa for folketal vart oppheva, begynt å kalle seg byar. Såleis til dømes Åndalsnes i Rauma kommune. Andre har valt å la vere, såleis til dømes Sunndalsøra etter ei folkerøysting om saka i Sunndal kommune. Derfor finst det idag tettstader som er større enn byar her i landet.

Tettstad er eit særnorsk omgrep som skildrar norsk busetting. Medan land elles i Europa har hatt tradisjonar for at folk har budd tett saman i landsbyar, har norske bønder budd spreidd utover. Fleire tettstader er derfor vakse til nokså nyleg.

Tettstader i andre land


I dei fleste andre europeiske land er det næraste ein kjem tettstaden landsby på ulike språk. Desse er som regel klumpa tettare saman enn den typiske tettstaden, gjerne rundt ei kyrkje eller eit anna samlingspunkt.

I Storbritannia kallar ein tettbebygging på landet ein village, dersom han har ei kyrkje, eller ein hamlet dersom han er litt mindre og ikkje har det. I USA kallar ein det meste av tett busetnad, også svært små stader, small towns.

Geografi | Tettstader i Noreg

Tettsted | Tätort | Landsby

Schtettel | Dorf | Village | Vilaĝo | Taajama | Village | Dorp | Sat

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Tettstad".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld