Tabloid er eit omgrep som kan visa til både form og innhald i ei avis. Det er det minste avisformatet, og blir teke i bruk av stadig fleire aviser. Samstundes kan «tabloid» visa til ei lettvint og gjerne populistisk framstilling.
Ordet blei opphavleg sett saman av tablett og -oid, '-aktig', og registrert som eit varemerke for piller i 1884 av Burroughs-Wellcome. Men omgrepet fekk snart ei utvida tyding om noko som var lite og lettvint, og blir i dag hovudsakleg brukt innan medieverda.
I Noreg vil mange innskrenka «tabloidavis» til berre å visa til aviser som blir selde i laussal, med VG og Dagbladet som dei to største døma. Andre store norske aviser som no blir utgjeve i tabloidformat, men som vanlegvis ikkje blir rekna som tabloidaviser, er Aftenposten, Dagens Næringsliv og Klassekampen.
Boulevardzeitung | Tabloide | Tabloid | Tabloïd | Tabloid | Tabloid | Tabloid | Tablóide | タブロイド | Tabloidi | Tabloidformat