Sverige ligg på den austlege delen av den skandinaviske halvøya i Europa. Andre namn som kan verta brukt på Sverige er Svearike og Sverike. Sverige grensar direkte opp mot Noreg og Finland. Den nordlege delen av landet er dekka av skog. Der vert det utvunne jern, og av trea i skogane vert det produsert papir. Den sentrale delen av landet har fruktbare jorder ut mot kysten og er industrielt sentrum i landet. Særleg gjeld dette metallurgisk industri. Den sørlege delen av landet er primært involvert i landbruksproduksjon: Kveite, potet, sukkerroer og kvegavl. Det er samstundes den delen av landet som er tettast folkesett. Kystområda ut mot Skagerrak og Austersjøen er mykje forureina.
Ei rekkje arkeologiske funn frå store handelssamfunn stør teorien om at det sørlige Sverige var tett folkesett under bronsealderen.
Gjennom det niande og tiande århundret var vikingkulturen dominerande i Sverige med handel, plyndringar og kolonisering mot aust, særskilt i dei baltiske landa, Russland og Svartehavet.
Sverige var delt opp i fleire rike. Døme på svenske rike var Västergötland, Östergötland, Svitjod, Södermanland, Värmland og Hälsingland. Først frå kong Magnus Ladulås av Sverige (d. 1290) kan ein rekna med eit samla Svearike. (I Danmark vart sveariket kalla Sverige. Etter unionstida med Danmark vart Sverige namnet på Svearane sitt rike, Svearike).
I 1389, vart dei tre landa Noreg, Danmark og Sverige sameint under ein konge. Kalmarunionen var ikkje ein politisk union men ein personalunion, og gjennom det 15. århundret freista Sverige å motstå eit dansk sentralisert styre under den danske kongen. Sverige braut ut av Kalmarunionen i 1523, då Gustav Eriksson Vasa gjenetablerte den svenske krona.
I det 17. århundre vart Sverige ei av stormaktene i Europa, etter at landet med suksess hadde teke del i 30-årskrigen. Denne posisjonen forsvann i det 18. århundret då Russland tok over som den dominerande makta i Østersjøområdet etter den store nordiske krigen.
Nyare svensk historie har vore fredfylt. Den nest siste krigen var mot Russland i 1809, då Sverige tapte Finland. Den siste krigen var mot Noreg sommaren 1814. Krigen endte med konvensjonen på Moss, der kronprinsen av Sverige aksepterte den nye norske grunnlova av 17. mai og kongen av Noreg gjekk med på å abdisera for å gjera ein personalunion med Sverige mogleg. Krig trua med å bryta ut i 1905 då det norske Stortinget erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Krigen vart unngått ved forliket i Karlstad i 1905. Sverige var nøytralt under første og andre verdenskrigen og under den kalde krigen.
Den første Nobelprisseremonien vart heldt i Stockholm i 1901. Frå 1902 vert dei vitenskapelege prisane formelt utdelt av den svenske kongen, mens fredsprisen vert utdelt av det norske Stortinget.
Parlamentarismen vart introdusert i 1917 då kong Gustav V av Sverige, etter ein lang kamp, aksepterte å utnevne regjeringa etter fleirtalsavgjersler i Riksdagen. Seinare, i 1918–1921, vart allmenn stemmerett innført. I 1975 vart kongen si politiske makt fjerna ved grunnlovsendring. Monarkiet vart bevart som ein formell, men reint symbolsk institusjon, med seremonielle plikter for monarken.
Ifylgje grunnlova er Riksdagen, med 349 medlemer, den øvste myndigheita i Sverige. Riksdagen kan endre grunnlova. For at Riksdagen skal kunne endre grunnlova vert det kravd eit dobbeltvedtak, og det skal haldast eit riksdagsval mellom desse to vedtaka. Lovgiving kan leggjast fram av regjeringa eller av ei gruppe eller enkeltrepresentantar frå Riksdagen. Medlemene av Riksdagen vert valde etter eit proporsjonalt valsystem for ein fireårsperiode.
Det juridiske systemet er oppdelt i rettsinstansar som handhevar henhaldsvis sivile rettsaker og straffesaker, dessutan spesialrettsinstansar som har ansvaret for det juridiske forholdet mellom offentlegheita og regjeringa eller andre offentlege myndigheiter. Sveriges rettssystem er oppdelt i instansar beståande av lokale rettsinstansar (byrettar), regionale appellrettsinstansar (landsrettar) og ein høgsterett.
Grunna Golfstraumen har Sverige eit primært temperert klima, trass i at det ligg langt mot nord. I det sørlege Sverige er lauvtre i fleirtal, i dei nordlege områda er gran og bjørk dominerande i landskapet. I Nord-Sverige, som er prega av fjell, har landet eit subarktisk klima. I den delen av landet som ligg nord for polarsirkelen går sola ikkje ned i løpet av sommaren, og natta varer heile døgnet om vinteren.
Aust for Sverige ligg Austersjøen og Bottenvika, noko som gir landet ei lang kystlinje. Mot vest ligg den skandinaviske fjellkjeda, som skil Sverige frå Norge.
Den sørlege delen av landet er oppdyrka, med meir og meir skog jo lenger nordover ein kjem i landet. Befolkningstalet fylgjer samme mønsteret, med høg folketettleik i sør, særskilt omkring dalen ved sjøen Mälaren og i Øresundregionen. Lenger mot nord er folketettleiken lavare.
Sverige er oppdelt i 21 fylke eller län. I kvart fylke fins ein fylkesadministrasjon eller länsstyrelse, utnevnd av regjeringa. I kvart fylke er det òg eit landsting som er den lokale befolkninga sitt folkevalde organ. Kvart län er ytterlegare oppdelt i ei rekkje kommunar, i alt 289 pr. 2002. Tidlegare har det òg vore andre historiske oppdelingar av Sverige i fylke og regionar.
Det høgaste fjellet i Sverige er Kebnekaise på 2104 moh. Den største innsjøen er Vänern som er tredje største innsjø i Europa. Gotland og Öland er dei største øyane i landet.
Private selskap står for cirka 90 % av landet sin industrielle produksjon. Maskinindustrien står for 50 % av produksjonen og eksporten. Landbruket utgjer åleine 2 % av brutto nasjonalprodukt og sysselset òg kun 2 % av arbeidsstyrken. Den svenske nasjonalbanken fører ein inflasjonsstabiliserande politikk med ei målsetjing om ein årleg inflasjon på 2 %.
Scandinavia.TMO2003050.jpg (tatt om vinteren) over Skandinavia syner Sverige midt i bildet.]]
Kommunikasjons- og transportsystemet i Sverige er vesentlege element i landet sin velutbygde infrastruktur.
Sjølv om Sverige ikkje har eit offisielt språk, er de facto-språket svensk, med ein finsktalande minoritet. Samane har òg sine eigne to språk &ndash, som ikkje er i slekt med svensk. Sidan 1999 har Sverige hatt fem anerkjente minoritetsspråk: finsk, samisk, meänkieli, romani chib og jiddisch.
Sverige har ei lang rekkje religionar. Hoveddelen av befolkninga er medlemer av Svenska kyrkan (som nyleg vart skild frå staten). Det er òg ei rekkje muslimar i Sverige, med bakgrunn i innvandringa frå muslimske land.
Sangar av Bellman, Evert Taube og Birger Sjöberg er internasjonalt kjent. Grupper som ABBA, The Cardigans, Soundtrack of our lives og The Hives har oppnådd internasjonal suksess.
Svenske forfattarar har vunne fleire nobelprisar i litteratur. Oppdelt på land rangerer Sverige som den tredje største mottakaren av Nobelprisen i litteratur.
Nasjonaldagen er den 6. juni (Svenska Flaggans Dag).
Sverige | Land i Europa | Land i EU | Schengen-land
Sverige | Sverige | Sverige | Swede | Schweden | Swēoland | سويد | Suezia | Suecia | İsveç | Sverige | Швэцыя | Švedska | Sveden | Швеция | Suècia | Швеци | Švédsko | Sweden | Schweden | Rootsi | Σουηδία | Sweden | Suecia | Svedio | Suedia | سوئد | Svøríki | Suède | Sweden | An tSualainn | Suecia - Sverige | 𐍃𐍅𐌴𐌰𐍂𐌴𐌹𐌺𐌹 | 스웨덴 | स्वीडेन | Švedska | Suedia | Swedia | Svedia | Svedia | Швеци | Svíþjóð | Svezia | שבדיה | შვედეთი | Szwedzkô | Swedherwyk | Syèd | Swêd | Suecia | Zviedrija | Švedija | Zwaede | Svédország | Шведска | Svezja | Sweden | Sweden | Zweden | Sveden | スウェーデン | Sweden | Szwecja | Suécia | Suedia | Швеция | Ruoŧŧa | Isvetzia | Swaden | Suedia | Svezzia | Sweden | Švédsko | Švedska | Шведска | Švedska | Ruotsi | Sweden | ประเทศสวีเดน | Thụy Điển | İsveç | Швеція | Svedän | Roodsi | שוועד | 瑞典