Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjør alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordlig bredde og 10 og 35 grader austlig lengde. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei begrensningane som fylgjer av traktaten. I fylgje lov av 17. juli 1925 er Svalbard en del av Kongeriket Noreg.
Historie
Namnet er fyrste gong nemd i islandske skrifter frå
1194. I den islandske landnåmsboka frå
1200-talet er Svalbard også nemd, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag.
Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land i
Europa. Norsk styre tok til frå
14. august 1925.
Geografi
Svalbard_map.jpg
Totalt omfattar Svalbard landområde med eit areal på 61 022 km². Dei ti største øyane er
I tillegg er det ei lang rekke mindre øyar og holmar som til saman utgjør 621 km².
Dei største tettstadane på Svalbard er Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund. I Longyearbyen som er administrasjonssenter for Longyearbyen lokalstyre, ligg sysselmannskontoret for Svalbard.
Klima og fauna
Svalbard har
tundraklima med eit sterkt maritimt preg.
Klimaet blir ofte betegna som
arktisk halvørken. Øygruppa har
midnattssol frå
20. april–
22. august og mørketid frå
27. oktober–
15. februar (dei nøyaktige datoane vil variere ettersom kor lang nord eller sør ein oppheld seg.
I eit møte i Svalbardrådet den 26. april 1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn for svalbardvalmue som «fylkesblomst» for øygruppa. Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.
Folkesetnad
På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) og
slavarar (i hovudsak
russarar og
ukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen og
Barentsburg, er det også fast busetting i
Ny-Ålesund, på
Bjørnøya og på
Hopen.
Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøver
politimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del av
Troms fylke. Enkelte lover gjeld ikkje på Svalbard.
Busetnadar og stasjonar Folkemengd pr. 1. september 2004
- Longyearbyen: 1831
- Ny-Ålesund: 33
- Svea (Sveagruva): 9
- Barentsburg: 812 (russarar og ukrainarar)
- Hornsund: 12 (polakkar)
- Bjørnøya: 9
- Hopen: 4
Næringsliv
Svalbard er kjend for store
kolressursar. Både av russarar og nordmenn er det drive kolutvinning sidan tidleg på
1900-talet. Det er funne
jern,
asbest og
sinkblende. Leiteboring etter
olje og
gass finn stad.
Svalbard radio er i dag den einaste
kystradiostasjonen på Svalbard. Stasjonen som er viktig i
maritim redningsteneste samarbeider nært med
Svalbard lufthamn. Lufthamna er den internasjonale flyplassen ved Longyearbyen. Lufthamna har ruteflytrafikk til
Tromsø og
Murmansk/
Moskva.
Turisme er viktig for Svalbard og mange tusen turistar frå heile verda vitjar øygruppa med håp om å oppleva mellom anna
midnattsol,
isbjørn og det vêrharde
klimaet. Det er nokre få fangststasjonar i drift, eit år var mellom anna den kjende
eventyraren
Stein P. Aasheim og familien ein vinter i ei fangsthytte på
Austfjordneset på Spitsbergen. På Svalbard ligg også satellittstasjonen
SvalSat som tek i mot data frå
satellittar i bane rundt
jorda.
Verneområde
Mesteparten av landområda på Svalbard inkludert kystnære område er verna. Mesteparten av dette er tre
nasjonalparkar og to
naturreservat. Dei to naturreservata omfattar heile det austlege Svalbard,
Nordaust-Svalbard naturreservat i nord og
Søraust-Svalbard naturreservat i sør. Dei tre nasjonalparkane er
Sør-Spitsbergen nasjonalpark, som utgjør Spitsbergen sør for
Van Keulenfjorden,
Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, som omfattar
Haakon VII Land, og
Forlandet nasjonalpark som omfattar
Prins Karls Forland.
Nasjonalparkar
Naturreservat
Fuglereservat
Geotopverneområde
På verdsveven
Svalbard | Usjølvstendige område | Norsk geografi | Atlanterhavsøyar | Øygrupper i Atlanterhavet
Svalbard | Svalbard | Svalbard
Svalbard | Svalbard | Špicberky | Svalbard | Svalbard | Svalbard | Svalbard | Svalbardo kaj Jan-Majen-Insulo | Svalbard | 스발바르 제도 | Svalbard | Svalbarði | Svalbard | Spitsbergen | スヴァールバル諸島 | Svalbard | Svalbard | Svalbard | Шпицберген | Svalbard | Svalbard | Huippuvuoret | Svalbard | 斯瓦尔巴群岛