article Related Topics:
Sucre,_Antonio_José_de
 

Sucre (location).png

Sucre er den offisielle og historiske hovudstaden i Bolivia og sete for høgsterett, men ikkje den lovgjevande makta i landet. Byen har om lag 204 000 innbyggjarar (2003) og ligg 2 800 m.o.h.

Historie


Sucre blei grunnlagd 30. november 1538 som Ciudad de la Plata de la Nueva Toledo av Pedro de Anzures. Byen blei kjend som La Plata, men blei omdøypt i 1839 til ære for revolusjonsleiaren Antonio José de Sucre. Historisk har han óg vore kjend som Charcas og Chuquisaca, noko som har gjeve han tilnamnet "la Ciudad de Cuatro Nombres", 'firenamnsbyen'. På grunn av dei mange kvitkalka husa i sentrum er han óg omtala som "la ciudad blanca", 'den kvite byen'.

Etter den økonomiske nedgagen i Potosí blei Sucre for avsidesliggjande til å vera hovudstad i Bolivia. I 1898 flytta styresmaktene til La Paz, som blei reell hovudstad i landet.

Kultur


Bolivia-sucre.jpg Arkitekturen i Sucre er prega av den spanske kolonitida. Dei smale vegane i eit nettverk i bykjernen og dei mange praktfulle husa, kyrkjene og klostera i byen ber minne om den andalusiske kulturen som forma han. Sucre er fortsatt hovudbyen for den katolske kyrkja i Bolivia, og medlemmer av religiøse ordenar i tradisjonelle draktar er vanlege å sjå i gaten.

Sucre blei peikt ut som ein del av verdsarva av UNESCO i 1991.

SucreBolivia.jpg

Bakgrunnsstoff


Kjelder

byar i Bolivia | verdsarv i Bolivia

Sucre, Bolivia | Sucre | Sukri | Sucre | Sucre | Sucre | Sukro (Bolivio) | Sucre (Bolivie) | 수크레 | Sucre, Bolivia | Sucre (città) | סוקרה | Sucre | Sucre (Bolivia) | スクレ (ボリビア) | Sucre (miasto) | Sucre | Сукре | Sucre | Sucre

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Sucre".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld