- Strand er også namnet på ein kommune i Rogaland
BahiaHonda.jpg.]]
Ei strand er ei stripe land som heller ned mot sjøen eller eit stort vatn. Strender er ein eigen type geografisk område med sitt eige biologiske system. Strendene me tenker på som typiske har sand som hovuddel, med spreidde vekstar, steinar, skjell og andre ting frå havet som moglege variasjonar, men det finst også strender som er dekka av småstein eller rullestein.
Cot Valley Beach.jpg.]]
Stranddanning
Strender vert til ved at materiale frå land og hav vert slete ned og samla saman ved langs vasskanten. Strandmaterialet vert laga ved
erosjon på land og ved at havet tærar på fjell i og ved vatnet. Sidan flyttar
bølgjer og
vind rundt på materialet slik at stranda stadig forandrar seg.
Bruk
Det er vanleg å dra til strender om
sommaren for å bada, sola seg eller ganske enkelt kjøla seg ned. Ein kan òg gå lange turar langs strender både sommar og
vinter. Medan norske strender som regerl er ganske enkle og urørde, kan populære strender i andre land vera svært utbygde. Det er vanleg å setja opp bodar som sel
mat og
drikke, strandstolar som vert leigde ut og strandhytter til å kle seg om i. Nokre stader set ein opp
tivoli på stranda, medan andre strender vert sperra av for almogen medan berre dei som eig han eller gjestar ved eit særskilt strandhotell har adgang.
Namngjeving
Strand er brukt som del i mange namnesamansetjingar, som
Åsgårstrand og
Balestrand. Det har gitt namn til to norske kommunar,
Strand i
Rogaland og
Stranda på
Sunnmøre. Strand er òg eit
etternamn.
Bakgrunnsstoff
landformer | kyst | namnedelar | norske slektsnamn
strand | Strandbred
platja | Strand | Beach | Playa | Plage | praia | 砂浜 | Strand (kust) | Praia | Beach