Stive er eit kompleks karbohydrat som er uløyseleg i vatn. Stive (til dømes maisstive, kveitestive og potetmjøl) vert nytta i matlaging slik at sausen tjuknar lettare. I industrien vert stive nytta til å produsere lim, papir og tekstilar.
Strukturelt formar stive klynger med lineære polymerlenkjer, der alfa-1,4-lenkja lenkjer skaper kolonnar med glukoseeiningar, som forgreinar seg regelmessig i alfa-1,6-lenkjer. Det relative innhaldet av amylose og amylopektin varierer mellom artane, og mellom ulike kultiveringar av same art. Til dømes inneheld høgamylosemais 85 % amylose, den lineære komponenten i stive, medan voksmais inneheld meir enn 99 % amylopektin, eller forgreina stive.
Hovudfunksjonen åt stive i planter og dyr, der det vert kalla glykogen, er å vere eit energilagringsmolekyl for organismen. I planter vert enkle sukker lenkja saman i stivemolekyl av spesialiserte cellulære organ kalla amyloplastar.
Stive er uløyseleg i vatn. Dei kan meltast gjennom hydrolyse og katalysert av ensym kalla amylaser, noko som kan øydeleggje alfalenkjene til stivemolekylet. Menneske og andre dyr har amylaser, slik at dei kan melte stive. Melting av stive inneber å dele stivemolekyla inn i dei enkle sukkereiningane som dei opphavleg er bygde opp av gjennom amylaser. Sukkeret vert deretter melta i kroppen på same viset som anna sukker i maten, som ikkje er stive.
Tapioka, johannesbrødtre-frø, pilrot og klyngeønner er òg vanlege tillegg i matlaging.
Mykje brukt stive rundt omkring i verda er kvitrot, bokkveite, banan, bygg, maniok, konjakrot, kudzu, oka, sago, sorghum, søtpotet, taro og jam. Etande bønner som fava, linser og erter er òg rike på stive.
Når stive vert nytta i dietten, vert han vanlegvis kokt eller preparert med ingrediensar som sitron, tomat, eddik, sterk pepper, lauk eller kvitlauk for å endre den karakteristiske 'stivheita'. Eit døme på dette er bruken av ketsjup eller eddik til friterte poteter.
Når stive er kokt på førehand kan han brukast til å tjukne nedkjølt mat. Dette vert gjerne omtala som modifisert matstive på pakken. Agarose, carragen, gelatin og pektin vert som oftast nytta på same måten.
I tillegg til at det ga glatte, skarpe kantar på klea, hadde det ei praktisk nytte òg. Skitt og sveitte frå ein person sin nakke og armar festa seg i stiven istaden for i klesfibra, og dette gjorde det lettare å vaske skitten vekk. Deretter måtte ein ha på stiven på nytt etter vaskinga.
Potetmjøl utrørt i vatn har vore vanleg å bruke i Noreg når ein skulle stive klede. I dag finnest det spesiallaga strykestivepreparat i handelen, også ferdig blanda på sprayboks, men potetmjøl gjer same nytten.
Når ein ser på stivekorn i mikroskopet, har dei ein gjenkjenneleg maltesisk kors-effekt under polarisert lys.
Stärkelse | Kulhydrat#Stivelse | Нишесте | Midó | Škrob | Stärke (Zucker) | Tärklis | Starch | Almidón | Amelo | نشاسته | Amidon | Amidón | Amilo | Kanji (karbohidrat) | Amido | עמילן | Krakmolas | Keményítő | Kanji | Zetmeel | デンプン | Skrobia | Amido | Крахмал | Starch | Aci | Tärkkelys | แป้ง | Nişasta | Крохмаль | 淀粉